Hopp til innhold

«Vêret har nok lagt ein dempar på påska»

– Det har ikkje vore dei store tinga denne påska. Det heng nok saman med stort sett lite folk over alt og dårleg vêr.

Norsk Folkehjelp pakkar ned i Årdal

PAKKAR NED: Fredrik Furseth og Anders Moen i Norsk Folkehjelp i gang med å pakke utstyret etter ei roleg påske i Årdalsfjella.

Foto: Ove Fortun

Slik summerer opp beredskapsleiar Stian Antonsen i Sogn og Fjordane Røde Kors påska 2016.

I alt har Røde Kors vore ute på 11 oppdrag. Om ein ser vekk frå leiteaksjonen i Førde skjærtorsdag og langfredag, har påska vore udramatisk.

– Vi har hatt tre henteoppdrag for AMK, eit par oppdrag i Førde, tre i Luster, eit i Sogndal og Hornindal, og eit oppdrag i Lærdal der vi første påskedag sende ein patrulje ut for å sjå etter nokre personar, seier Antonsen.

Dårlege vêrmeldingar

Røde Kors på langtur

SOL: Med unntak av onsdagen, har det vore langt mellom solstrålane i påskefjellet. Her er Røde Kors på oppdrag til Nørdstedalseter.

Foto: Kjell Arne Solheim

Antonsen fortel at tilbakemeldinga frå Røde Kors-hyttene er at det har vore lite påsketuristar i fjellet.

– Vêrmeldingane har ikkje vore all verda, og eg har inntrykk av at folk stort sett har vore flinke til å ta omsyn til vêret, seier Antonsen.

– Dei fleste som legg ut på lengre turar, hovudsakleg i Luster og Aurland, er røynde fjellfolk, som er godt rusta for å takle situasjonar, held han fram.

– Normal påske

Det seier leiar Ove Fortun i Luster Røde Kors seg samd i. Sjølv om dei har hatt få oppdrag, har det vore oppdrag som tek tid.

– Det er store avstandar i fjellheimen, så eitt oppdrag tek fort fleire timar, seier Fortun og trur vêrmeldingane gjorde at mange påsketuristar valde å halde seg heime.

Og av dei som reiste på hytta, valde mange å halde seg innomhus store delar av påska.

– I Jotunheimen er det slik at når det er fint vêr, så er det kjempesuksess. Er det dårleg vêr, så held folk seg heime.

Stogga spanjolar

Norsk Folkehjelp i Årdal var i 13-tida måndag så smått i gang med å pakke ned etter påska. No bur dei seg på sesong med toppturar og langt større aktivitet i fjella utover våren.

– Vi har stort sett drive varekøyring for hyttefolket. Elles har det vore stille og roleg, seier Kjell Arne Solheim og legg til at den mest dramatiske situasjonen var sju slitne spanjolar dei hindra å legge ut på langtur på langfredag.

Han har inntrykk av at folk har vore flinke å nytte naturen når vêret har tillate det. Også når det gjeld heimreise.

– Vi hadde mykje utfart går, etter oppmodingar om å reise heim. Siste rest er i ferd med å reise heim no, avsluttar han.