Hopp til innhold

"Vaffelhjarte" til alle born i fylket

Forventingsfulle born fekk ei ny oppleving av "Vaffelhjarte" då Sogn og Fjordane teater la ut på turné tysdag.

Vaffelhjarte teater

GLEDE PÅ SCENA: Denne gjengen skal servere ungane i heile fylket med stykket 'Vaffelhjarte'.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det er utruleg kjekt å komme i gang, salen var heilt full av born, og alle sat stille og følgde med, fortel ein fornøgd Øyvind Høstaker frå Den Kulturelle skulesekken.

Sogn og Fjordane Teater og Den Nationale Scene har samarbeida for å sette opp ein omfattande turné gjennom Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Dette er ei storsatsing der alle grunnskuleelevane i fylket skal få sjå teaterstykket "Vaffelhjarte".

– For å vere heilt nøyaktig skal 9616 elevar får sjå stykket denne vinteren, og det gjennom 50 førestillingar, så vi har ei travel tid framføre oss, konstaterer Høstaker.

På sjette rad i salen sit fjerde klasse frå Førde barneskule. Mange i klassen hadde budd seg på teaterdagen ved å lese boka «Vaffelhjarte», og blant elevane var det høge forventingar.

– Det blir kanskje litt ulikt frå boka, men eg trur det blir veldig gøy, seier Emma Gjelsvik Grane.

Etter teaterstykke var ferdig var både publikum og skodespelarane nøgd med første framsyning.

Idun Losnegård, og Sigmund Njøs spelar mor og far til Trille, som er hovudpersonen i stykket. Dei har spelt stykket fleire hundre gongar, men ikkje for «berre» barn.

– Det gjekk over all forventing, vi spelte for dei som sat der, og dei var ifølge teknikarane heilt stille, seier Losnegård.

Created by InfoDispatcher

OPNINGSSCENA: Få ein liten smakebit av "Vaffelhjarte"