NRK Meny
Normal

«Urd»: Energiverka aukar beredskapen

Energiverka på Vestlandet bur seg på mykje arbeid som følgje av ekstremvêret «Urd».

Trevelt over straumledningar

TREVELT: Det er mykje som kan slå ut straumnettet når det blir slikt vêr som det er meldt.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Mange i Hordaland er allereie utan straum, men energiselskapa seier dei aukar beredskapen utover ettermiddagen.

Straumleverandørane på heile Vestlandet følgjer situasjonen tett. Stormsenteret treff land mellom Ålesund og Kristiansund, med sterkast vind sør for Stad.

– Tal montørvakter er dobla og vi har i tillegg mange i beredskap, så vi har utkvilt mannskap når det trengst, seier dagleg leiar Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi.

Straumbrot langs Førdefjorden

I ytre delar av Førdefjorden har det vore eit straumbrot sidan litt over klokka 16 i ettermiddag.

– Det er eit brot i ytre Førdefjord, mellom Stavøy og Vevring, inkludert Svanøy. Vi har sendt folk for å finne ut kva som er feilen, men vi veit ikkje noko om det enno. Det kan vere salt, trefall eller mekanisk skade på nettet, seier nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase.

Store utfordringar

Fredrik Behrens

DAGLEG LEIAR: Fredrik Behrens er dagleg leiar i Sunnfjord Energi.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det bles allereie kraftig langs kysten og det er venta at den sterke vinden vil halde på utover kvelden og natta. Vinden er venta å vere på det sterkaste frå klokka 18 til 20 når den dreiar nordvest.

Energiselskapa har allereie budd sine abonnentar på at straumen kan forsvinne.

Sunnfjord Energi har over 2.600 kilometer linjenett, og over 15.000 abonnentar frå Jostedalsbreen til Solund.

– Det er først og fremst vind som kan gi oss store utfordringar. Under Dagmar i 2011 var det både trevelt og lause gjenstandar som båtar, tilhengarar o.a. som tvinga linjenettet vårt i kne. Vi ber alle gjere ein ekstra sjekk på at lause gjenstandar er sikra, seier Behrens.

– Bu dykk

– I ytre område er salt frå sjø og hav som legg seg på linjenettet i uvêr ofte eit problem. Saltet medfører krypstraumar som gir overslag, spenningsfall og mogleg brot på forsyninga. Godt regn som kan vaske vekk saltet er då einaste tiltaket for å få stabil forsyning, legg han til.

Behrens opplyser at det siste dagane har vore mykje lyn og torever og håpar på tolmod og forståing frå kundar om at tryggleiken for montørane alltid kjem først.

– Vi oppmodar alle kundar om å bu dykk så godt de kan; ved å ha lommelykt og ekstra batteri tilgjengeleg, godt med ved i huset, opplada mobiltelefonar og ta gjerne ut leidningar frå modem for å unngå skader, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå