NRK Meny
Normal

"Urd" slår til på fjellovergangane – kolonnekøyring og stengde vegar

Måndag kveld er mange fjelloverganger stengde.

Strynefjellet stengd 1. juledag

ÅTVARAR MOT Å KØYRE: Uvêr fører til store problem på fjellet i Sør-Norge.

Foto: Silje Guddal / NRK

På alle fjellovergangane i Sør-Norge er det svært dårleg vêr og Statens vegvesen ber folk om ta det svært roleg om dei må ut og køyre.

– Statens vegvesen oppmodar folk som ikkje må ut på reise 2. juledag om å la bilen stå. Årsaka er ekstremvêret "Urd", som er venta å kome med svært kraftig vind, og mykje nedbør, seier Arne Eithun i Statens vegvesen.

Han åtvarar mot at også bruer kan bli stengde og ferjer bli innstilte på grunn av det varsla uvêret som vil råke Sør-Norge måndag.

Måløybrua morgon 26. desember 2016

STERK VIND: På Måløybrua i Sogn og Fjordane blei det målt opp i over 32 m/s i dag tidleg.

Foto: @kvalheim / Instagram

Slik er status på fjellovergangane måndag:

E6 Dovrefjell: Ope, men kan bli stengt på kort varsel

Ev 16 Filefjell: Kolonnekøyring

Ev 134 Haukelifjell: Stengd

Rv 7 Hardangervidda: Stengd

Rv 9 Hovden-Haukeli: Stengd

Rv 13 Vikafjellet: Stengd

Rv 15 Strynefjellet: Stengd

Rv 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring, kan bli stengd på kort varsel

Fv 27 Venabygdsfjellet: Stengd

Fv 40 Dagalifjell: Ope, men kuling og snø

Fv 50 Hol-Aurland: Stengd

Fv 53 Tyin-Årdal: Stengd

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.