Hopp til innhold

«Urd» reiv garasjeporten i fillebitar

Mange fekk ein hektisk kveld i Fjaler.

Garasjeport skadd av "Urd"

Slik såg garasjeporten ut då David Zadig kom heim måndag kveld.

Foto: David Zadig

David Zadig i Dale fekk eit skremmande møte med stormen «Urd», måndag kveld. Vinden klarte på eiga hand å blåse sund garasjeporten hans.

– Vi hadde vore på besøk, og då vil kom heim såg vi at den eine garasjeporten var heilt øydelagd. Den andre var litt øydelagd, men eg fekk løfta den opp før den vart meir skadd, seier Zadig.

Må reparere taket

Dei bur på Bjerga i Dale, ein plass der dei får veldig mykje vind. I tillegg til garasjeporten har fleire takstein lausna, både på garasjen og på huset, så Zadig reknar med at det blir ein del arbeid i dag.

– Eg talde femten takstein som hadde lausna og landa på bakken, så eg håper vi har nok ekstra takstein som vi kan legge på i dag, seier Zadig.

Fjaler kommune hadde ein hektisk kveld med å rydde og å hjelpe dei som trengde hjelp medan stormen rasa.

– Vi hadde folk ute samanhengande frå klokka sju til om lag midnatt. Det var både velta tre, skader på hus og bygningar, og straumbrot, seier Edvin Bøthun, som er teknisk vakt i Fjaler kommune.

– Det er no arbeidet byrjar

Mannskap frå kommunen måtte rykke ut til eit bustadhus der ein takstein hadde øydelagd eit vindauge.

– Vi var ute og sikra ei rute som var øydelagd. Der var det ei kvinne som var veldig uroleg og redd for at ruta skulle blåse inn og at vinden skulle øydelegge mykje inne i huset, seier Bøthun.

Der fekk dei lagt ei plate på vindauget slik at det var trygt å vere i huset over natta.

Bøthun er budd på å få mange meldingar om skader, no når det blir dagslys ute.

– Eg reknar med det blir mykje å gjere i dag. Det er no arbeidet byrjar, seier han.