«Tunnelen» hadde førpremiere 1011 meter over havet

– Me vil takke dei som var med og hjelpte oss, seier produsenten. Førpremieren på «Tunnelen» var av det spektakulære slaget.

Hoven og Loen frå lufta, Stryn.

FILMPREMIERE: «Tunnelen» er delvis filma i Stryn. Dermed valde dei å halde to av førpremierane her, på Hoven i Loen.

Foto: Billy Budd Filmproduksjon

Einar Loftesnes, produsenten, har grunn til å vere nøgd. Dei første meldingane av filmen «Tunnelen» har vore positive. Aftenposten kalla han «katastrofefilmen som kan redde kinoåret» og gav ein femmar på terningen.

Og no får han vist fram verket til eit publikum som har vore med på å hjelpe filmen fram. 1011 meter over havet.

– Vi har hatt fjellvisning oppe på Hoven. Veldig gøy altså, seier Loftesnes.

To visningar har det blitt i Loen i Stryn laurdag. Det er noko anna enn ei kinovisning, synest han.

– Det hadde begynt å bli mørkt ute, og vi såg fjorden. Lerretet tok over, og det var kjempefint å sjå.

Regissør Pål Øie fekk også ta turen opp til Hoven i gondolbanen. Han er overvelda etter å ha vist filmen på Colosseum kino i Oslo og på Lillehammer, før dei kom til Stryn laurdag.

Einar Loftesnes og Pål Øie, Hoven i Stryn, 1011 meter over havet. Førpremiere på filmen «Tunnelen».

TO MENN HØGT OPPE: Einar Loftesnes (produsent) og Pål Øie (regissør) tykte førpremieren på Hoven var magisk.

Foto: Nordisk Film Distribusjon

– Det er kanskje den mest spektakulære premieren av alle, seier Øie frå toppen av Hoven.

– 1011 meter over havet. Om ikkje verdsrekord, så er det i alle fall ikkje ofte det skjer.

Vil takke

Dei som står bak filmen vil rette eim takk til lokalbefolkninga som har vore med på hjelpe filmen fram.

– Vi har sagt at dei plassane vi har filma, der vil vi ha ei førvisning av filmen, seier Einar Loftesnes.

– Er det for å seie takk til lokalsamfunna som har bidrege?

– Ja, absolutt. Vi skal takka dei for å ha vore med både føre og bak kameraet. Det er viktig at vi gir noko tilbake, og det vi kan gi er at dei får sjå filmen før alle andre.

Sundag skal dei til Vik, før turen går vidare til Flåm, Førde og Sogndal.

Katastrofefilm frå verkelegheita

«Tunnelen» er spela inn på fleire stader på Vestlandet, og handlar om kor gale det kan gå når det byrjar å brenne i ein tunnel midt i julestria.

Svært farlege tunnelbrannar er ikkje eit ukjent feneomen i Sogn og Fjordane, seinast i Gudvangatunnelen i mars. Då blei 32 personar evakuert og fire personar blei sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr. Utan innsatsen til den unge sjåføren av ein følgjebil, hadde det kunna gå mykje verre, sa brannsjefen i Voss då.

I 2013 måtte over 70 til sjukehus då det også brann i Gudvangatunnelen. Ein fransk familie var blant dei som blei fanga av giftig røyk langt inne i den 11,5 kilometer lange tunnelen.

– Eg var så redd for å miste familien min, sa Valerie Louis til NRK etter hendinga.

Og i Skatestraumtunnelen i Bremanger blei det svært dramatisk då 16.500 liter med bensin eksploderte midt inne i tunnelen i 2015.

– Eg tenkte at det er her det skal ende, her skal vi ende våre dagar, sa Åse Hauge om det som blir kalla Noregs største tunnelbrann.

Sjå TV-saka om innspelinga her: