Hopp til innhold

«Treng ikkje frykte Torghatten», seier aksjonær

– Dei tilsette i Fjord1 har ingenting å frykte med Torghatten som eigar. Det seier varastyremedlem og aksjonær Ingolf Arne Marifjæren i Torghatten.

MF Barøy stamper mot stormen på tur til Bognes 18.november 2013.

SKAPAR STORM: Salet av Fjord1 aksjar til Torghatten skapar storm

Foto: Bjørnar Hansen

Reaksjonane har vore mange og sterke etter at Fylkestinget i Sogn og Fjordane førre måndag vedtok å selje Fjord1 til Trafikkselskapet Torghatten . Mange fryktar at ein skal miste hovudkontoret som til no har lege i Florø. Det er det ingen grunn til meiner Marifjæren, som i ei årekke har vore aksjonær i nettopp Torghatten.

– Hovudkontoret blir i Florø, dei tilsette kjem ikkje ein gong til å merke at dei har fått ny eigar. Ja, bortsett frå at det kjem nye folk i styret, seier Marifjæren.

Får sjølvstyre

Då nyheita om aksjesalet vart kjend for ei veke sidan valde, fleire styremedlemmer, styreleiar og administrerande direktør å forlate skuta i protest. Dei meinte Fjord1 no kom til å bli redusert til ein filial av Torghatten.

Ingolf Arne Marifjæren

INGEN GRUNN TIL URO: Det seier Ingolf Arne Marifjæren om Fjord1-oppkjøpet.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

– Vi har mange selskap over heile landet, og det er ingen filialar. Dei er sjølvstyrte med eigne styrer og eigne direktørar, seier Marifjæren.

– Men kva garantiar har ein for at ein ikkje vil røre hovudkontoret i Florø?

– I dagens forretningsliv kan ein ikkje gi slike garantiar, for det offentlege styrer jo alle anbod.

– Men korleis kan du då seie at dei tilsette i Florø ikkje har noko å frykte?

– Det er ingen grunn til å legge ned i Florø, vi må jo ha folk der til å styre ferje og anna som vi skal drive med, seier Marifjæren.

Kan hamne i retten

Men bølgjene går høgt når det gjeld både sal og måten den det blei gjort på. Minoritetseigar Per Sævik og Havilafjord meiner seg forbigått og varsla tysdag denne veka at dei vil ha rettsleg prøving av aksjesalet.

– Når eg les avisene så er det så mange meiningar at eg ikkje veit kven eg skal tru på, men etter som eg har forstått på uttalane frå fylket, så har Sævik vore underretta heile tida.

– Men kva tenker du om måten ein her har omgått forkjøpsretten som Sævik har?

– Eg er ikkje sikker på kva forkjøpsrett han har.

Korleis tur du det blir for Fjord1 å få Torghatten som eigar?

– Det trur eg blir bra, for dei andre selskapa som vi har overtatt i Norge har gått, og går veldig bra, seier Marifjæren.