Hopp til innhold

«Trasig å miste så mange arbeidsplassar»

Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad seier det er trasig at kommunen misser rundt 20 arbeidsplassar når Tine flyttar konsummjølkproduksjonen frå Byrkjelo til Bergen.

Leidulf Gloppestad

KJEMPAR FOR ARBEIDSPLASSAR: Leidulf Gloppestad (Sp) er ordførar i Gloppen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi må no jobbe for at dei som mister jobben, kan få arbeid andre deler av produksjonen. Samstundes må vi sjå framover og prøve å posisjonere Byrkjelo for den strukturendringa som Tine har varsla for osteproduksjonen, seier Gloppestad.

Frå 2020 er det slutt på tapping av mjølk i kartongar ved meieriet på Byrkjelo. Drikkemjølkproduksjonen blir flytta til Bergen , noko som gjer at fleire tilsette på Byrkjelo står i fare for å misse jobben .

Osteproduksjon

Tine skal også gjere endringar i osteproduksjonen, noko som kan slå heldig ut for Byrkjelo, seier meiereisjef Torkild Heieren.

– Allereie i mandatet til den utgreiinga så er det sagt at Byrkjelo er eit av tre anlegg som framleis kan få ein auke i produksjonen.

Thorkild Heieren

VENTAR PÅ UTGREIING OM OSTEPRODUKSJON: Meiereisjef Torkild Heieren.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Anlegget på Byrkjelo tok i fjor i mot 132 millionar liter mjølk. Om ein dermed unngår oppseiingar er likevel for tidleg å seie.

– Det kan eg eg ikkje seie noko om no. Først ut på våren får eg signal om korvidt det er snakk om å auke bemanninga på ostesida, men signala er vel så positive at vi ventar med å sette i gong noko prosess på dei 20 årsverka før vi har fått svara på den utgreiinga.

Har areal til utviding

Ordførar Gloppestad seier dei legg alt til rette for at anlegget på Byrkjelo kan vekse seg endå større.

– Kommunen har varsla dei om at når den tid kjem så har meieriet areal til utviding slik at dei kan få auka osteproduksjonen.

– Ja, vil du seie at Byrkjelo står sterkt i den konkurransen der?

– Byrkjelo står sterkt som eit meieri som tine vil satse på. Det ser vi på at osteproduksjonen har gått opp, og det tenker eg er naturleg at ein sørger for at det held seg.