Hopp til innhold

«Torghatten er godt likt av selskapa dei har kjøpt opp»

– Torghatten har synt seg som ein god eigar for selskapa dei har kjøpt opp, seier transportøkonom Gisle Solvoll ved Universitetet i Bodø.

Fjord1 og Gisle Solvoll

FJORD1-SAKA: Gisle Solvoll er transportøkonom ved Universitetet i BodøFJORD1-SAKA: Gisle Solvoll er transportøkonom ved Universitetet i Bodø.

Foto: Montasje: NRK

Fylkeskommunen har selt Fjord1 til Brønnøysund-baserte Torghatten. Etter salet har mange uttrykt uro for kva som skjer med arbeidsplassane i selskapet her i fylket. Dei meiner Solvoll det ikkje er grunn til.

– No skal salet godkjennast først, men slik eg ser det så har dei tilsette ikkje noko grunn til å frykte meir for arbeidsplassane sine etter at Torghatten blir ein stor eigar i selskapet.

Godt rykte

– I Nord Norge har Torghatten eit godt rykte. Dei er lokalt eigde og lokalt forankra på Helgeland.

Torghatten driv med både buss og ferjedrift over heile landet. Dersom konkurransetilsynet godkjenner oppkjøpet av Fjord1 blir dei det største transportkonsernet i landet.

– Det er driftige helgelendingar som driv selskapet. Dei har gjort det godt økonomisk og eg har inntrykk av at dei selskapa dei har kjøpt opp er godt nøgde med Torghatten som eigarar, seier Solvoll.

Lokalt styre

– Dersom salet går i orden ser eg ingen fare for admistrasjonen som Fjord1 i dag har i Florø.

For noko av det som har vore kjenneteiknet med oppkjøpa til Torghatten er sjølvstyre. Selskap får behalde eigne styrer og direktørar. Fleire har av selskapa har uttalt at dei merkar lite til dei nye eigarane, og at oppkjøpet har vore positivt .

– Torghatten er avhengige av den kompetansen på marknaden og drift som dei har i Florø, og den vil dei bevare for ein kvar pris.

Kort og lang sikt

– På kort sikt meiner eg det ikkje er grunn til å frykte for arbeidsplassane i Florø, seier Solvoll.

– Men det er akkurat det med kort og langt sikt, som transportøkonom så har du vel og sett at ting endrar seg fort?

– Jo, det er sjølvsag vanskeleg å spå om framtida, men den største utfordringa for eit transportselskap ligg ikkje så mykje på eigarsida. Det er knytt om ein klarar å vere konkurransedyktig å vinn anbod. Klarar ein den, er ein avhengige av å folk både på båtane og på land i administrasjonen. Og Torghatten har synt seg å vere ein god eigar.

– Kva negative sider ser du ved eit slikt oppkjøp?

– For dei som skal kjøpe tenester blir det no få aktørar no, dersom dette oppkjøpet går i orden. Ein veit jo alle at når det er få tilbydarar i ein marknad så er det fare for at prisen på tenester går opp. Det er ei ulempe for dei som skal kjøpe tenester, men for lønsemda til selskapa er det ein fordel, seier Solvoll.