Hopp til innhold

«Tor» tok Thor sitt tak

Taket på ein 1500 kvadratmeter stor rubbhall har blåse av ved Thor Tenden Transport i Stryn.

Rasert rubbhall i Stryn

RIVE AV: Rubbhallen ved Thor Tenden Transport står

Foto: Roger Vik

– Det var veldig ekkelt. Karane våre måtte utstyre seg med hjelm og verneutstyr på grunn av vinden for å unngå å få ting i hovudet, fortel dagleg leiar Rolf Olav Tenden.

Rubbhall i Stryn rasert av ekstremvêret

MÅTTE I AKSJON: Rolf Olav Tenden har hatt folk på staden som har sikra det som ikkje toler vatn.

Foto: Arne H. Wiken

Takduken vart løfta som eit seg av den store lagerhallen ved transportverksemda sin base på Visnes like utanfor Stryn sentrum. Bygget som står på kaia blir brukt til å lagre mjøl, dekk og gjødsel, står no nakent mens ekstremvêret herjar.

No ber Tenden til høgare makter om at det ikkje kjem snø slik at endå meir av konstruksjonen blir øydelagt.

– Takduken ligg no ved sidan av hallen og er ikkje til fare for nokon. Saka er meldt inn til forsikringsselskapet og til dei som har produserer hallen. Eg håpa nytt tak kan bli produsert over helga, seier Tenden.

Rasert rubbhall i Stryn

LAGERBYGG: Den til vanleg plastkledde hallen blir nytta som lager for transportverksemda.

Foto: Roger Vik