Hopp til innhold

«Superdekninga» kjem i 2014

Tidleg i 2014 får Førde 4G-dekning, og i løpet av 2015 skal alle kommunesenter og dei fleste tettstader i fylket ha fått den nye superdekninga.

Bjørn Amundsen

KJEM I 2014: Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor, er for tida på biltur frå Lindesnes til Nordkapp for å testa mobildekninga i Norge. I 2014 vil han kanskje kunne kome innom Sogn og Fjordane med 4G-dekning på mobilen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nyleg har Telenor lansert det nye mobilnettet 4G i fleire av dei største byane våre.

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, opplyser at utbygginga i Sogn og Fjordane vil starta i 2014.

– Førde vil truleg få det i fyrste del av 2014, men rekkjefylgjen på resten av fylket er vanskeleg å seia, fortel Amundsen.

Litt forenkla er 4G eit nett som er 10 gonger raskare enn 3G.

– Me reknar med at konsesjonsutlysinga til utbygging vil skje rett etter nyttår. Om det skjer, so vil ni av ti ha 4G-dekning i Sogn og Fjordane i slutten av 2015, seier Amundsen.

Tillegg, ikkje erstatning

Telenor byggjer også ut 3G-dekninga, samstundes som dei har planar om 4G. Dette er fordi det framleis ikkje er mange telefonar på marknaden som støttar 4G-dekning. iPhone 5 er ein av dei - men den støttar ikkje 4G-nettet i Norge.

– Om me skal byggja ut 3G samstundes med 4G er eit spørsmål me brukar mykje tid på. Reint økonomisk hadde kanskje ikkje vore veldig bra, men det er ingen 4G-telefonar ute endå. Me har tru på at det 3G som folk flest vil ha glede av.

Telenor investerar nesten fire milliardar i Norge i 2012.

– Berre i år har me sett opp 16 nye 3G-stasjonar her i fylket. På dei plassane er det no like god 3G-dekning som det var GSM tidlegare.

Telenor vil setja opp ytterlegare fem eller seks 3G-stasjonar i år, og 20-30 til neste år og litt inn i 2014. Då vil ni av ti personar i fylket ha 3G-dekning til nyttår.

Komplisert

Det finst fire - og snart fem - frekvensar, eller nett, mobilen sender på.

Den nye iPhone 5 støttar 4G, men ikkje den 4G-dekninga som finst i Norge.

I Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim finst 4G på det sokalla 2600 MHz-bandet. Men i Sogn og Fjordane, og andre stader det ikkje er like flatt og tett som i storbyane, vil ikkje det bandet hjelpa særleg mykje. Her må det nemleg byggast på 800 MHz-bandet.

Årsaka til det er bølgelengda frekvensane nyttar. Dess lenger bølgjer (800 MHz er lenger enn 2600 MHz), dess lenger går dei, og då lettare er det i «grisgrendte strøk».

Eit lite døme: Om ein skulle brukt 2600 MHz-bandet til 4G-dekning i Førde, måtte ein ha hatt ti sendarar berre for å dekka området frå sentrum til sjukehuset. På 800 MHz-bandet vil ein klara seg med to eller tre i det same området.

Bjørn Amundsen

–KOMPLEKST: Det er mykje å ta hensyn til for Bjørn Amundsen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me endrar frekvensane på GSM-nettet for å få plass til meir 3G på 900 MHz-bandet. I løpet av eit og eit halvt år vil dei aller fleste stader ha den same dekninga på 3G, som dei i dag har på GSM, seier Amundsen.

Det forutset at telefonen støttar 3G på 900-båndet. Dei aller fleste smartelefonar støttar 900-bandet, medan dei fleste som ikkje er smarttelefonar støttar det ikkje.

Telenor vil byggja ut 4G på 1800 MHz-bandet i løpet av 2013, men kor eller ein meir presis dato vil dei ikkje opplysa om.