Hopp til innhold

Endeleg er marerittet over for «Super Rex»

Sist André Reksten var aksjon jakta Florø fotball sin første siger i 1. divisjon. Den opplevinga må 28-åringen halde fram med.

Andre Frøyen Reksten og Daniel Chima Chukwu

TILBAKE: André Reksten (t.h.) var tilbake i forsvarsrekkja til Florø mot Levanger. – Det var jammen på tide. Det er godt å vere i gang att, sjølv om det er på slutten av sesongen, seier han.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Eg er trygg på at eg får den til helga, seier forsvarsspelaren skråsikkert berre minuttar etter at dommaren har blåst av oppgjeret mot Levanger. Kampen enda 1–1.

– Eit mareritt

Med andre ord André Reksten sin tredje uavgjort kamp i år. Den fjerde kampen enda i tap. Sidan 28-åringen vart sett på sidelinja med ein strekkskade i låret, har lagkameratane teke ni sigrar og sikra 1. divisjonsspel også neste år.

Men oppgjeret mot Levanger handla ikkje berre om poeng for Reksten. Men også om det å vere tilbake. Med berre ei og ei halv veke med trening spelte han frå start.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det har vore eit mareritt å ikkje kunne vere med og spele kampar. Det har vore ein tung periode, seier han.

Krampetrekningar

Trenar Terje Rognsø er glad for å sjå den viktige forsvarsbrikka tilbake på bana.

– Han blir kasta inn i det, men heldigvis går det bra med skaden. Defensivt klarer han seg godt, men offensivt er det som med resten: Der har vi mykje å gå på i dag, seier han.

Reksten vart bytt ut i det 77. minuttet.

– Eg fekk krampetrekningar etter 40 minuttar, så eg vart overraska over at eg heldt så lenge, gliser han.

Leia i 15 minuttar

Florø fekk best mogleg start på oppgjeret i Trøndelag. Før halvtimen var spelt ekspederte Halvor Solheim-Olsen eit innlegg frå Stefan Aase i nettmaskene. Gleda vart kortvarig.

Kvarteret seinare utlikna ungguten Horenus Taddese med eit kjempeskot frå 23 meter.

Ingen av laga makta å finne vegen til nettmaskene etter kvilen. Dermed ebba kampen ut i poengdeling.

– Eg tek med oss poenget i ein kamp vi ikkje er spesielt bra fotballmessig. Det blir ein forsvarskamp og vi utnyttar ikkje kontringane. Om nokon skulle ha vunne, så var det Levanger, samanfattar Rognsø.

Søndag kjem Strømmen på besøk til Florø stadion. Då vil Reksten ha siger.

– Du får ikkje den same kjensla av siger når du sit på tribunen. Du må vere delaktig. Og den kjem til helga, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..