Hopp til innhold

«Staten må hindre dyretragedier»

Det må byggast gjerde og undergangar til dyra for å sikre vegane. Det meiner leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hillern. Han meiner staten må betale.

Drepne geiter i Kjøsnesfjorden
Foto: Privat

Dyr i vegbana skaper trafikkfarlege situasjonar for bilistane og problem for bøndene. No må noko gjerast, krev leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hillern.

Kva bør gjerast for å sikre dyra på vegane. Sei di meining nederst i saka.

Søndag morgon vart 33 geiter påkøyrde og drepne i Kjøsnesfjorden, då ein buss køyrde inn i flokken. Og det var eit tragisk syn som møtte geitebonde Ole Kristian Kjøsnes.

Staten må betale

Per Hilleren

STATEN MÅ BETALE: Staten må sikre vegane, meiner bondelagsleiar

Foto: Arne Eithun / NRK

– Når det blir bygd veg gjennom eit allereie eksisterande beiteområde, bør staten betale, meiner Per Hillern.

– Men kvifor kan ikkje bøndene sjølve sette opp gjerde?

– Det er umogleg for bøndene å passe på dyra sjølve når vegvesenet byggjer veg i eit område der bøndene har beitemark. Då er det staten si plikt til å ordne opp, seier bondelagsleiaren.

Han meiner difor det snarast bør byggjast både undergangar og gjerder for å sikre dyra.

Hillern får støtte både frå fylkespolitikarar og Firda Billag.

Bremsespor og lange køar

Også i Våtedalen på E-39 mellom Klakegg og Byrkjelo går det mykje geiter i vegen, og grunneigar Vidar Sandal er ein av dei som har mist mange dyr opp gjennom åra.

– Det som skjedde i helga er tragist, og vi har liknade problem i vårt område. Her er både lange bremsespor, og mange nesten-ulukker. Det er ein uhaldbar situasjon både for bonden og bilistane, seier Sandal. Han er redd det til slutt kan gå menneskeliv tapt.

I Våtedalen har geitene blitt reine turistattraksjonen, med kilometervis med køar på sommaren. Bøndene har vore i fleire møter med vegvesenet, men foreløpig har lite skjedd.

– Styresmaktene seier dyra må ha tilgong til drikkevatn, men dette gjeld ikkje alle plassar. I Våtedalen er det drikkvatn på begge sider av vegen, påpeikar geitebonden.

Har fått pengar frå staten

Distriktsjef i Statens Vegvesen, Nils Magne Slinde, vedgår at dyr i vegen har vore eit problem i mange år. Vegvesenet har fått noko pengar frå staten, og dei skal brukast til å sikre riksveg 5 i Sogndalsdalen.

– Vi er heilt avhenginge av å få til løysingar med dyreeigarane, og det er ufordrande, seier Slinde.

Det er dessutan ikkje berre å sette opp gjerde, for då kan dyra bli utan vatn.

Kjøsnesfjorden med geiter og vogntog

TRAFIKKFARLEG: Dyr i vegen skaper trafikkfarlege situasjonar

Foto: Ottar Starheim / NRK