Hopp til innhold

"Spurken" trur på cupbombe mot Brann

FØRDE (NRK): Thor Jørgen Spurkeland (28) har skåra cupmål for Brann, no spelar han for Førde og trur på siger.

Thor Jørgen

HÅPAR PÅ CUPBOMBE: Thor Jørgen Spurkeland håpar Førde slår Brann i 1. runde av cupen i Hafstadparken.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Fotballhjarta mitt bankar for Førde, seier Førde-spelar og ex-Brann-spelar Thor Jørgen "Spurken" Spurkeland.

Sidan 2008 har Spurkeland frå Knarvik vore ein sentral del av A-laget til Førde. Etter 8 år har hordalendingen slått seg til ro i Sunnfjord med både sambuar og jobb. Til og med sunnfjord-dialekta er på plass.

– Eg følger med på Brann og ønskjer at dei skal gjere det så best som rå, men eg har blitt ein sunnfjording etter kvart, så det er nok her oppe fotballhjarte ligg no, fortel Spurkeland.

Skåra for Brann

Før han gjorde sunnfjording av seg spelte Spurkeland ei tid for Brann. Når Førde møter Brann i 1. runde av cupen 13. april, er det ein spent Førde-spelar som skal i aksjon.

– Det er ein spesiell kamp for meg personleg. I Brann var eg med på å vinne cupen i 2004, og det var der eg fekk min tippeligadebut. Men når kampen først kjem i gong, så tenker eg nok ikkje så mykje på det lenger.

Som 17-åring skåra Spurkeland eitt mål for Brann i ein cupkamp.

– Eg fekk sjansen til å vere med i dei siste 20 minutta i ein cupkamp mot Gneist. Då skåra eg eit fint mål, noko som var ei stor oppleving under den flotte folkefesten det var den gongen.

Førebur seg til folkefest

Det er ei knapp veke sidan Førde IL og dagleg leiar Irene Bjørndal fekk namnet på motstandaren i første cuprunde. Det gjer sitt til at mykje må på plass innan kort tid for Bjørndal.

– Først fekk eg nesten litt angst med berre ei og ei halv veke til førebuingar. Det er eit elitelag og mykje folk som kjem. Mykje er på plass, så det blir heilt klart ein folkefest.

Med brun grasbane på Førde Stadion, samt EM i vektløfting på Førdehuset, skal Førde møte Brann på kunstgraset i Hafstadparken.

– Hafstadparken er eit flott anlegg, sjølv om det er ein del utfordringar når det aldri har vore arrangert noko av denne størrelsen der før. Dette blir ein flott start på sesongen. Rett og slett ein pangstart, meiner Bjørndal.

Thor Jørgen

KUNSTGRAS: Thor Jørgen Spurkeland og Førde skal spele 1. runde i cupen på kunstgras mot Brann. Bak Spurkeland er haugen der publikum skal stå.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Trur på cupbombe

For å få til folkefesten dei ønskjer i Førde, håpar Bjørndal på eit høgt publikumstal.

– Vi håpar på kring 2500 publikumarar. Med fint vêr og mykje folk trur eg det blir ein stor fest.

Thor Jørgen Spurkeland og resten av Førde-spelarane har planen klar for folkefest og cupbombe i Førde 13. april.

– Vi skal gjere som vi alltid gjer. Legge ned mykje innsats, vilje og spele på det vi er gode på. Førde skal gjere sitt yttarste for at Brann skal få det tøft her i Sunnfjord, avsluttar Spurkeland på sunnfjord-dialekt.