«Søster Arne» klar for si 20. julaftan på jobb

Sidan han var 19 år gamal har Arne Nordgulen (38) jobba alle julaftnar. I år skal intensivsjukepleiaren jobbe nattevakt.

Arne Nordgulen på intensivavdelinga på sentralsjukehuset

SØSTER: Arne Nordgulen fekk kallenamnet «søster» av sine to eldre brør, som var glade for å endeleg få seg ei søster. – Det var lettare å skifte skilt enn å skifte andre ting på kroppen, humrar 38-åringen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Når julefreden senkar seg i dei tusen heimar på julekvelden, må kring 140.000 nordmenn «halde hjula i gang».

Blant desse er Arne Nordgulen, betre kjend som «søster Arne» blant pasientar og kollegaer ved intensivavdelinga til Førde sentralsjukehus.

– Det er kjekt å vere på jobb i jula. Det er roleg og fin stemning på sjukehuset, seier han.

Opplevd som meiningsfylt

Ifølgje ei undersøking gjort av Opinion for KLP er kring 34.500 nordmenn på jobb innan kommune- og helsesektoren.

Leiar for HMS-teamet, Vibeke Os Bratlie, seier mange opplever det hyggeleg på jobb i jula, og at dei føler det er viktig for andre at dei stiller opp.

– Vi veit at tilsette som jobbar med andre menneske opplever at arbeidet dei gjer er meiningsfylt og medverkar til stoltheit og trivsel, seier Bratlie i ei pressemelding.

Kvar julaftan i 20 år

Arne Nordgulen på intensivavdelinga på sentralsjukehuset

VIKTIG: Arne Nordgulen jobbar tett på liv og død. – Humor er utruleg viktig innan helseyrket i det heile. Hadde vi ikkje hatt humor, så hadde vi gått under, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Få kan nok skilte til så mange julaftnar på jobb, som sjukepleiaren frå Jølster. 38-åringen har jobba kvar julaftan sidan han var 19 år gamal.

Når «Den spanske flue» og julekonserten med Odd Nordstoga går på NRK1 julekvelden, er Nordgulen i gang med å passe på sjuke som treng ekstra overvaking.

– Av ulike årsaker så er det berre slik at dei som er innlagt på sjukehuset i jula, dei er der fordi dei må vere der, seier han.

Draumen

Nordgulen har drøymt om å bli sjukepleiar sidan han var liten. På vegen har 38-åringen vore både vektar og bussjåfør. I 2006 fullførte han sjukepleia og kunne ta på seg den kvite sjukepleiaruniforma.

– Det er ei god kjensle å kunne hjelpe og gi støtte i kritiske situasjonar.

– Når du jobbar så tett på liv og død, kva gir deg personleg glede når du går heim frå jobb?

– Dei små tinga, eit blikk eller eit smil, som viser at det blir betre. Då har du oppnådd noko for deg sjølv og pasienten, og det gir styrke og glede til å klare dagen betre.

Nordgulen vedgår at humor er eit viktig verkemiddel i kvardagen. Då kan også namneskiltet vere ein god isbrytar.

– Det står jo «søster Arne», men eg ser jo ikkje ut som noko søster, humrar han.