«Søsken til evig tid» fekk gjev pris på filmfestival i USA

Frode Fimland er svært takknemleg etter at filmen hans om Magnar og Oddny vart godt motteke på Big Sky i USA

Pris til Forde Fimland

GLAD: Regissør Frode Fimland vart mållaus då det vart klart at dokumentaren hans fekk pris for beste dokumentar på Big Sky i USA.

Foto: privat

– Eg tenkte ikkje på pris ein gong då eg reiste bort. Eg var berre glad for at eg fekk vise filmen og at den trefte publikum. Så då eg vann hovudprisen for heile festivalen kan du tru eg var mållaus, fortel Frode Fimland som er skaparen bak den populære dokumentaren «Søsken til evig tid».

Big Sky er ein dokumentarfilmfestival som vert arrangert i byen Missoula i delstaten Montana i USA. Festivalen er vert for meir enn 75 tilreisande filmskaparar, og presenterer eit gjennomsnitt på 125 dokumentarfilmar årleg.

Historia trefte juryen

Frode Fimland pris

TAKKSAM: Frode Fimland med festivaldirektør Gita Saedi Kiely.

Foto: privat

I år var altså historia om søskenparet Magnar og Oddny i Naustdal ein av filmane som vart vist. Laurdag morgon norsk tid vart det klart at dokumentaren fekk den gjævaste prisen under festivalen.

– Eg klarte heldigvis å få fram litt takking. Dette er ein kjempestor festival og berre det å få vise ei historie frå Naustdal i USA var stort for meg.

Han visste at han var med i konkurransen, men med alle dei andre store produksjonane han såg var han i tvil om det kunne bli pris.

– Det var det visuelle og historia som trefte juryen, seier Fimland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Søsken til evig tid

POPULÆRE: Historia om Magnar og Oddny har blitt populær også utanfor landegrensene.

Foto: Frå filmen / Søsken til evig tid

Blir lagt merke til

Han trur at det å få ein pris I USA vil bli lagt merke til blant andre festivalar og distributørar. Både Seattle, Dakota og Minneapolis er eit området med mange amerikanarar som har norske og skandinaviske anar, så Fimland meiner dette er ei målgruppe som kan tykkje filmen hans er interessant.

Sjølv har han ikkje informert hovudrolleinnehavarane enda.

– Men eg går ut ifrå at dei har fått det med seg ved hjelp av naboar som sikkert har sett det på Facebook. Dette har i alle fall vore ei kjempekjekk oppleving, seier Fimland.