Hopp til innhold

"Sokkesig-Bremer" twittrar vidare

Ap-politikar Tor Bremer vil halde fram med å "twittre" når han no inntek stortingsbenken.

Tor Bremer (t.h. på fremste benk) chatta på Facebook under fylkestingseta.

Tor Bremer (t.h. på fremste benk) chatta på Facebook under fylkestingseta.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det vakte sterke reaksjonar då fylkesvaraordførar Tor Bremer (Ap) chatta om sokkane sine som seig ned, under fylkestinget tidlegare i år .

Vil vere tilgjengeleg

Og dei neste fire åra kan du følgje livet på Stortinget sett med Bremer sine auge , på Twitter. For førstereisguten Bremer vil nytte internettenesta til å å skrive om det som engasjerer folk i heimfylket.

- Det er ikkje slik at eg har nokon veldig "masterplan" over kva eg skal gjere, men ein ting har eg bestemt meg for; eg må vere tilgjengleg for innspel frå folk i Sogn og Fjordane. Og eg er nøydd til å få ut politiske problemstillingar som eg jobbar med, seier han.

Lite sladder

Sjølv om det tidvis kan bli tørrt å lese om ein million kroner til ditt og Arbeiderparti-semje om datt, så vel Bremer å ikkje by på mykje sladder og intrigar.

- Eg ser ikkje vekk ifrå at folk har spesielt sans for slike ting. Personleg tykkjer ikkje eg det er så mykje intrigar, seier han.

- Gå i gang

Valforskar Anders Todal Jenssen meiner nye sosiale media fordummar den politiske debatten . Men førsteamanuensis i Medievitskap, Lars Nyre, ved Universitetet i Bergen, meiner det er gode grunnar for at Bremer bør twittre frå Stortinget.

- Meiner han alvor, så er det vits i. Det er veldig viktig å lære seg å bruke desse nye sosiale media. Det tek si tid, og ein må prøve og feile litt. Er han tolmodig og tenkjer at han som politikar skal bli veldig god til å utnytte desse sosiale media, så vil eg i høgste grad anbefale han å gå i gang, seier Nyre.