NRK Meny
Normal

«Slikt kan få fatale konsekvensar»

– Ein spydforma stein, meint for å drepe, sa Kjell Lyngstad etter ein ti kilos stein dundra gjennom frontruta hans på fv 60 Olden-Innvik på fredag. Fylkesordføraren er skremt.

Stein i ruta fv 60 innvik olden

LIVSFARLEG: Kjell Lyngstad slapp unna med skrekken då denne steinen gjekk gjennom frontruta. Fylkesordføraren seier arbeidet med å utbetre vegen kjem til å skje så raskt som praktisk mogleg.

Foto: Kjell Lyngstad/Jogeir M. Agjeld

– Ein prisar seg lukkeleg kvar gong det går godt ved slike skremmande hendingar. Det går ofte godt, men av av og til har ikkje folk marginane med seg. Då kan det få fatale konsekvensar, og det har det gjort fleire gonger i vårt fylke, seier Åshild Kjelsnes (Ap).

Kjell Lyngstad hadde akkurat kome ut av Vanbergtunnelen på Olden-sida då steinen kom susande.

– Den hadde ekstrem kraft og trefte ruta akkurat ved rota av spegelen i frontruta. Spegelen small rett i fjeset på meg. Eg var full i både stein og pulverisert glas, fortalde jølstringen fredag.

Åshild Kjelsnes

FYLKESORDFØRAR: Åshild Kjelsnes.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er jo den delen av vegen som enno ikkje er utbetra, men det er vedtekte at han skal opprustast. Vi er i startgropa, og skal få skikkeleg veg også på denne delen, seier Kjelsnes.

Utsett grunna økonomi

Opprustinga av det siste stykket på vegen vart utsett i fjor vinter, på grunn av dei store innsparingane fylkeskommunen må gjere dei neste åra. Stridstemaet var då om dei hadde råd til beste standard.

stein gjennom rute fv 60 olden innvik

KRAFTIG SMELL: Steinen trefte ikkje føraren, men det gjorde spegelen.

Foto: Kjell Lyngstad

– Arbeidet har vore gjennom fleire rundar med diskusjonar om kva løysing vi skulle lande på. Det vart ei utsetting førre vinter, fordi vi var usikre på om vi hadde økonomi til å gå for ei full opprusting, seier Kjelsnes.

Både avtroppande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og påtroppande fylkesordførar Jenny Følling (Sp) var blant dei som ikkje ville gå for det dyraste alternativet.

Naudnett og DAB

Fylkestinget i april vedtok likevel med knappast mogleg margin (20-19) å gå for beste standard (sjå faktaboks).

– No er planleggingsarbeidet i gang. Den nye tunnelen skal byggjast, og den skal ha både naudnett og DAB-tilknyting. Det skal også byggjast ny veg på den delen som endå ikkje er ferdig opprusta, seier Kjelsnes.

– Vil hendinga fredag gjere at de vil presse på for å få fortgang i arbeidet?

– Eg trur at når vedtaket er gjort, vil arbeidet bli gjort så raskt som praktisk mogleg. Det er heilt klart at ein ny tunnel er på sin plass. Vi har mange farlege strekningar, både med dårleg vegstandard, men ikkje minst med mange rasfarlege strekningar, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune