Hopp til innhold

«Slik bløffa dei veljarane»

Høgre og Arbeidarpartiet vert skulda for å levere valflesk i form av vegprosjekt alt etter kvar dei møter veljarane.

Åshild Kjelsnes (Ap) og Noralv Distad (H)

VALFLESK: Både Åshild Kjelsnes (Ap) og Noralv Distad (H) blir skulda for å levere valflesk avhengig av kvar dei er.

Foto: Fotomontasje / NRK

Både Framstegspartiet og Senterpartiet seier partia endra standpunkt om Kystvegen frå eit møte i Gaular til eit anna folkemøte i Flora.

Jenny Følling

SKULDAR: Fylkesordførarkandidat for Sp, Jenny Følling.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg meiner folk har krav til å vite kva prioriteringar dei ulike partia står for. Det er så uklart at eg tykkjer det er uryddig, seier fylkesordførarkandidat for Senterpartiet, Jenny Følling.

Blir ført bak lyset

Både Følling og FrP sin ordførarkandidat i Flora, Frank Willy Djuvik, meiner Høgre og Arbeidarpartiet fører veljarane bak lyset om kva framtidige fylkesvegar som skal prioriterast.

Om to år skal Fylkestinget avgjere kva rekkjefølgje til dømes Kystvegen, Hornindal-Møre grense, Førdepakken og Atløysambandet skal byggjast.

Frank Willy Djuvik (Frp)

SKULDAR: FrP sin ordførarkandidat i Flora, Frank Willy Djuvik.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Då vi var i debatt i Gaular, ville dei prioritere riksveg 57. Då stod prioriteringslista fast. Då vi var i Florø var dei viljuge til å endre lista for å prioritere 45 minuttsregionen, seier Djuvik.

– Eg er misforstått

Følling og Djuvik meiner Ap og Høgre set fylkesvegane i indre delar av fylket på spel når dei vitjar kysten. Samstundes gir dei uklare løfter om Kystvegen mellom Måløy og Florø når dei vitjar innlandet.

Førstekandidat for Høgre, Noralv Distad, meiner seg misforstått. Han står fast ved prioriteringslista, men seier dei i tillegg vil byggje Kystvegen.

– Dei sambanda som er prioriterte skal gjennomførast, men Kystvegen må vi klare å realisere til 2020, seier Distad.

Avviser kritikk

Også Jorunn Eide Kirketeig, som var Ap sin representant under debatten i Gaular, avviser kritikken.

Eide Kirketeig viser til at partiet har programfesta riksveg 57 med bru over Svesundet, og at ho under debatten leste rett frå programmet.

– I tillegg sa eg at vi vil ha E39 inn på NTP og at prioriteringsliste står ved lag, men at rullering alltid betyr at det kan skje endringar, seier ho og meiner ho var tydeleg på at det ville vere feil å garantere at ein ikkje ville kunne komme til å gjere endringar ved rullering, seier ho.

– Eg sa sjølvsagt og at kystvegen er viktig for oss og at vi vil prioritere den inn i samsvar med det programmer vi går til val på, legg ho til.