Hopp til innhold

«Skralla» til Arve terga på seg «heile» VM – no skal den til Holmenkollen

Arve Hafsås måtte sjå fleire VM-renn i skiskyting utanfor tribunen, men har ingen planar om å legga frå seg «skralla».

Skralle - Arve Hafsås

FRÅ SIDELINJA: Arve Hafsås hadde billett på tribunen rett ved intervjusona for internasjonal presse, og måtte sjå dei siste renna i skiskyttar-VM frå ute i løypa. «Skralla» fekk han ikkje med seg inn på tribunen, og han torde ikkje gå frå den på utsida.

Foto: Privat

– Skralla har eg ikkje med meg. Den er sendt med smørebilen til skismørar Ivar Mikal Ulekleiv som har tatt ansvar for å få den med seg heim til Norge, seier 63-åringen Arve Hafsås.

Han landa på Gardermoen måndag ettermiddag, etter å ha vore til stades under heile skiskyttar-VM i austerrikske Hochflizen.

I byrjinga av meisterskapen fekk han mykje merksemd, etter at den store «skralla» hans laga høg lyd rett ved intervjusona til internasjonal presse. Det førte til at han ikkje fekk den med seg inn på tribunen til stafetten.

Langreist

Hafsås kjøpte «skralla» i Anterselva og tok den med heim til Stryn for å få den malt. Sidan har den vore med han på alle skiskyttarrenn, også under VM i Holmenkollen i fjor vinter.

– Vi skal til Oslo og verdscupen i Holmenkollen i midten av mars. Då vert den med, seier Hafsås.

Han meiner den utskjelte «skralla» hans er populær blant dei andre tilskodarane.

– Eg får tommel opp av folk frå mange forskjellige nasjonar så den er veldig populær på tribunen, seier Hafsås.

Arve (63) gjør seg solid bemerket på tribunene i Hochfilzen med denne rangla.