Hopp til innhold

Her kokar kommunedebatten fullstendig over

Engasjementet rundt kommunereforma har i Jølster vore så brennheitt at debatten ofte har utvikla seg til personangrep og usaklege utspel.

Kommunereform i Sunnfjord

STERKE MEININGAR: I Jølster har meiningane rundt kommunereform blitt ekstra godt synlege. Ikkje alle klarar å halde seg like saklege heile tida.

Foto: Annebritt Wolff/Facebook-skjermdump

I Facebook-gruppa «Kommunereform i Jølster», har folk i fleire tilfelle fått krasse tilbakemeldingar for sine meiningar.

I eitt innlegg vart ei kvinne kalla illojal mot kommunen fordi ho føreslo at innbyggjarar på Vassenden kan bruke legetenester i Førde. I eit anna innlegg blir ein Firda-journalist stilt til veggs. Ein annan plass blir eit gruppemedlem omtala slik: «Han er den på alle nettsider som har best kondis med vrenging og vriding av spørsmål. Held ut sjølv etter krampa kjem».

Krass tone

Og fleire gonger går det så langt at andre føler dei må gripe inn:

Eg er skjemd over at vaksne folk kan vere så respektlause mot andre mennesker. Det er mange unge som følgjer desse debattane. Skal vi lære dei at det er greitt å gå til usaklege angrep berre ein ikkje er einig i ei sak? Dette her er jo berre trist. Hadde ikkje trudd at eg i ein alder av 25 følte behovet for å fortelle folk som er dobbelt så gamle som meg korleis, ein skal oppføre seg mot kvarandre. Skjerp dokke.

Medlem i gruppa Kommunereform i Jølster

Randi Gjesdal Fagerheim starta gruppa av mangel på ein god debattarena. På berre ein time var gruppa opp ei 300 medlemmer. No er dei over 800, og det blir dagleg publisert innlegg, der nokre av dei har fått over 50 kommentarar.

Randi Gjesdal Fagerheim

SAKNA ARENA: Randi Gjesdal Fagerheim meiner open debatt er viktig, men vedgår at det av og til har gått for langt.

Foto: Privat

– Det har blitt oppheta nokre gonger, men då synest eg folk har vore flinke til å gi beskjed om at ein går på person eller er usakleg. Eg forstår at det er fort gjort, men ein er ansvarleg for det ein skriv, og ein må trekkje pusten før ein publiserer og tenke over om dette er lurt, seier Gjesdal Fagerheim.

Glad for debatt, ikkje usaklege utspel

Ho meiner likevel det er viktig med ein open debatt med takhøgd for å få fram alle sider før ein tek standpunkt. Jølster er ein av fleire kommunar som måndag starta med førehandsrøysting. Gjesdal Fagerheim trur gruppa kan ha hjelpt folk med å ta eit val.

Oddmund Klakegg

KRY: Ordførar Oddmund Klakegg er ikkje alltid like glad for tonen i debatten, men seier han er kry over engasjementet i kommunen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Ordførar Oddmund Klakegg er glad for engasjementet, men likar ikkje at debatten har ein tendens til å bli usakleg. Sjølv har han heldt seg utanfor debatten på Facebook, men har fått med seg mykje av det som er skrive.

– Når ein går inn i ein debatt så skal ein oppføre seg der som ein oppfører seg andre plassar. Ulike meiningar må ein ha lov å ha. Men eg er ikkje så veldig begeistra når kommunar blir snakka ned.

Han opplever at Jølster har vore i særstilling når det kjem til engasjement.

– At ei så stor og avgjerande reform for framtida vår engasjerer, det er veldig viktig. Eg er kanskje meir overraska over at det andre plassar ikkje er like mykje engasjement.

Stort engasjement

Olve Grotle

VENTA: Førde-ordførar Olve Grotle meiner ein oppheta debatt er å vente i ei slik sak.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Også Førde-ordførar Olve Grotle meiner engasjementet i Jølster har vore større enn andre stader.

– Eg synest det er flott. Det er nokre utspel som er vel friske, men eg tenker det ligg innanfor det som er venta i ei slik sak, seier han.

I Aurland har debatten enno ikkje nådd same nivå som i Jølster, sjølv om også dei har ulike alternativ til vegen vidare. Slik er det også i Stryn.

– Eg trur det handlar om at Sunnfjord ligg litt framfor oss i prosessen, men eg reknar med det tek seg opp her også, seier ordførar Sven Flo.