Hopp til innhold

«Særs overraskande» og «dramatisk»

Fylkesutvalet reagerte, etter det NRK kjenner til, sterkt på å få vita om fusjonsplanane til Fjord1 og Norled over bordet og utan forvarsel.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

Fjord1 og Norled sine fusjonsplanar kom bardust på Fylkesutvalet – majoritetseigaren i Fjord1. Ingen utanom fylkesordførar Åshild Kjelsnes (i midten) var orientert om intensjonsavtalen om mogleg samanslåing.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

«Dramatisk» og «særs overraskande» – uvanleg sterke ord blir brukte for å karakterisera det nyhendet som medlemmene i Fylkesutvalet fekk servert over bordet torsdag ettermiddag.

Utvalsmøtet skulle eigentleg handla om kva Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle gjera med eigarposten sin i reiarlaget Fjord1. I staden blei dei presenterte for ein intensjonsavtale mellom Fjord1 og Norled om å greia ut ei samanslåing av dei to transportgigantane til eit nytt stort sjøselskap med base på Vestlandet.

Overrumpla

Dei sterke reaksjonane har etter det NRK kjenner til fleire årsaker. Medlemmene kjende seg overrumpla over at dei – som eigarar – ikkje var orienterte om dei skilsetjande fusjonsplanane. Den einaste i utvalet som visste, var fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap). Kjelsnes seier at ho fekk vita om planane tysdag 24. mars, men ho valde altså å ikkje informera dei andre i utvalet før saka blei kjent for alle to dagar seinare.

Eksperthjelp

Ein annan grunn til at fusjonsplanane vekte oppstandelse, skal vera ei stor uvisse om korleis fusjonsplanane ville gripa inn i fylkeskommunen sitt eige utgreiingsarbeid rundt eigarposten i Fjord1.

Fylkesutvalet har nemleg sidan i fjor haust hyra inn sjøtransportekspertar og juristar for å hjelpa til med å finna ut kva dei skal gjera med aksjeposten på 59 prosent. Fleire alternativ blir vurderte – alt frå å halda fram som no, til å slå seg saman med andre, til å selja seg heilt ut.

Monopolisering

Etter at styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, hadde orientert fylkesutvalet om intensjonsavtalen innleiingsvis på møtet på torsdag, sat medlemmene att med fleire spørsmål enn svar: Kva ville til dømes dei andre som var interesserte i Fjord1-aksjane seia?

Dersom ein fusjon mellom Fjord1 og Norled hadde fått grønt lys frå Konkurransetilsynet, ville talet på ferjeselskap i landet blitt redusert frå fire til tre. Det ville ha gjort det vanskelegare for fylkeskommunen å til dømes selja aksjane sine til konkurrentane Borealis og Torghatten. Tilsynet ville neppe ha godteke eit slik oppkjøp, fordi ein då ville ha fått ein endå sterkare konsentrasjon av makt og gjennom det mindre konkurranse i ferjedrifta i landet.

Lytta til ekspertane, ikkje styret

Nettopp det at ein fusjonsprosess mellom Fjord1 og Norled kunne øydeleggja for andre alternativ som fylkeskommunen held på å greia ut, blei til slutt utslagsgivande. Etter ei lang møteøkt torsdag kveld, og ytterlegare diskusjonar fredag føremiddag, bestemte utvalet seg for å gå i mot Fjord1-styret og be dei om å oppheva intensjonsavtalen om ei mogleg samanslåing mellom Fjord1 og Norled.