Hopp til innhold

«Rektorsaka» opp til ny behandling

Rektoren som i oktober vart dømd for å ha overgrepsbilete av born på datamaskina si, får ny behandling av saka i Gulating lagmannsrett.

Louis Anda og Knut Broberg

MØTES IGJEN: Forsvarar Louis Anda og aktor Knut Broberg må igjennom ei ny runde med den mykje omtala «rektorsaka» i Gulating lagmannsrett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Sogn tingrett fann det bevist at mannen hadde omgang med 11 pornografiske bilete av born, samt to videofiler med tilsvarande omgang.

Mannen vart dømd til fengsel på vilkår i 21 dagar , men det vart tidleg klart at forsvaret ville levere ein fullstendig anke. No er det klart at saka kjem opp på nytt.

– Eg er veldig glad på vegner av min klient at alle bevis som tidlegare har vore ført og dei mange nye bevis som vi vil føre, får si fulle og heile breidde i lagmannsretten, seier ein nøgd forsvarar, Louis Anda.

Full anke

Ein samrøystes Gulating lagmannsrett har med straffeprosesslova i hand sleppt igjennom både bevisvurderinga i høve skuldspørsmålet, sakshandsaminga og inndraginga.

– Eg trur det vil ha betydning både for min klient i høve til hans familiære og sosiale liv, men sist og ikkje minst må det få betydning for hans arbeidssituasjon. Saka har gjort at han i lang tid har vore ute av det arbeidet han har hatt, og eg ventar at arbeidsgjevaren snarleg vil syte for at han blir teken inn att i arbeidet, seier Anda.

Vil oppfatning

Medan rettssaka gjekk i tingretten, vart tiltalen mot mannen endra frå 350 bilete, til å gjelde ein stad mellom 20 og 40 bilete , i tillegg til såkalla thumbs (små bilete).

Tingretten avviste den tiltalte rektoren sin påstand om at datamaskina måtte ha vore hacka. Bileta dukka opp då datamaskina vart rydda . Anda er ikkje overraska over at anken sleppte igjennom hos lagmannsretten.

– Vi meiner at det var så pass mange feil, både ved bevisvurderinga i tingretten og ein del av oppfattinga av ein del faktiske forhold, seier han.

Grundig anke

– Eg har aldri opplevd tidlegare at det har vore skrive ein så grundig anke og rettsskriv både frå forsvaret i nært samarbeid med tiltalte, men også påtalemakta, legg han til.

Forsvararen ventar at saka kjem opp ut på våren.