NRK Meny
Normal

«Regionen vår har fått røynt seg dei siste to åra»

På knappe 12 månadar har politiet i Sogn hatt hendene fulle med storbrann i Lærdal, eitt mistenkjeleg dødsfall, to trafikkulykker, storflaum og fire dødsfall knytte til turistaktivitetar.

Eit år utanom det vanlege for politiet i Sogn

KREVJANDE: Både brannen i Lærdal, breulykka på Nigardsbreen, storflaumen på Vestlandet og leiteaksjonen etter Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore krevjande saker for politiet i Sogn.

Foto: Jan Erikstad/Vidar Gudvangen/Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg ser at det er ein region som har fått røynt seg siste to åra. Mange trudde nok at når ein hadde eit såpass tøft år i 2013, så ville kanskje året etter bli rolegare, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Han har knapt fire veker bak seg i lensmannsstolen i Sogn. Og har sett seg i førarhuset på eit lokomotiv som meir eller mindre har gått for full maskin sidan våren 2013.

Polititenestemenn har knapt rokke å trekkje pusten før nye ulykker og tragediar har ramma.

– Det har vore mykje utfordringar i 2014 også, seier Johannessen.

For lista over dei største hendingane i Sogn region 2014 er lang:

Legg ein til hendingane som skaka indre Sogn i 2013, ser lista slik ut:

Har gjort sterke inntrykk

– Region Sogn har verkeleg fått sin del, og det er klart det er slitasje på folk. Dette er ein region som er ganske sårbar med tanke på ressursar, seier Johannessen.

Arne Johannessen

KASTA INN I DET: - Eg har sett mykje av det som har skjedd dei siste åra, frå utsida. No er eg kasta rett inn i det, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Foto: Christian Blom / NRK

Sjølv etter berre knapt ein månad i sjefsstolen har fleire teke turen inn på kontoret for å fortelje at det røyner på.

– I tillegg registerer og opplever eg ting også, utan at folk seier det rett ut, seier Johannessen.

Han peikar på at fleire av sakene i 2014 har vore av ein slik karakter at dei har gitt sterke inntrykk.

– Politiet er vane til å handtere tragediar og vanskelege saker, men politifolk er også av kjøt og blod. Det gjer noko med folk. Ein del har hatt mange, sterke opplevingar, seier Johannessen.

Kan ikkje hugse maken

Den mangeårige fagforeiningsleiaren er glad for at etaten har ordningar som hjelper dei tilsette til å få tømt hovudet for vanskelege tankar, når det er naudsynt.

Politiet er vane til å handtere tragediar og vanskelege saker, men politifolk er også av kjøt og blod. Det gjer noko med folk.

Arne Johannessen

– Ein har ein god kultur for å snakke om ting og lufte ut, seier Johannessen.

I 13 år såg han Sogn og Fjordane politidistrikt frå utsida, som leiar i Politiets Fellesforbund. Før det sat han som lensmann i Sogndal. Men han kan ikkje hugse maken til dei to åra politidistriktet, og spesielt region Sogn har lagt bak seg.

– Eg klarar ikkje å minnast at det har vore så mykje på kort tid tidlegare. Det er det som er spesielt når ein ser på dei to siste åra, seier Johannessen.

Burde vore minst 14 fleire

Ved Sogndal politistasjon er det nær 32 stillingar med politiutdanna tilsette.

Ser ein på talet polititenestemenn per tusen innbyggjar, meiner Johannessen at det er heller grisgrendt med politifolk i Sogn.

– Det talet vert lite, nesten uansett kven vi samanliknar oss med. Det er svært lite, med tanke på at vi handterer 27.000 innbyggjarar. Vi har ein svært krevjande geografi, så dekninga på politi er liten, seier Johannessen.

Han legg til landsgjennomsnittet er 1,6 politi per tusen innbyggjar.

– Skulle vi vore i nærleiken av det, burde vi hatt 45–46 stillingar. Det seier seg sjølv at vi er ein sårbar region, seier Johannessen.

Han legg til at trass i dette, er staben full av flinke og samvitsfulle folk som har stått på.

– Veldig mange har jobba veldig mykje. Mange har jobba veldig mykje overtid over svært lang periode, seier Johannessen.

Er døme på god samhandling

Han trekkjer også fram viljen til samhandling og til å støtte kvarandre når det røyner på, på tvers av både politidistrikt og lensmannskontor.

– Vi har i ein lang periode hatt flinke politifolk frå andre delar av politidistriktet som har hjelpt oss. Mellom anna frå Førde og Vågsøy, i tillegg til Kripos. Vi har også hatt veldig god bistand frå dei andre kontora i region Sogn, så dette er eit godt døme på god samhandling, seier Johannessen.

Veldig mange har jobba veldig mykje. Mange har jobba veldig mykje overtid over svært lang periode.

Arne Johannessen

Han har engasjert seg sterkt i korleis framtidas politi skal sjå ut, og har vore sterkt kritisk til at Sogn og Fjordane politidistrikt skal slåast saman med eit anna politidistrikt. Han meiner ikkje minst siste års hendingar syner at ein har ein styrke lokalt som ein ikkje vil få dersom ein slår seg saman med til dømes Hordaland.

– Eg trur noko av nøkkelen til denne regionen er at ein har gode samarbeidsaktørar i frivillig sektor, som lag og organisasjonar, samt andre naudetatar. Mykje av dette er basert på kjennskap til kvarandre og personleg kunnskap, seier Johannessen.

Har framleis uløyste oppgåver

Han er uroa for kva som skjer dersom politiet vert organisert i svære einingar.

– Når ein tek vekk nøkkelpersonar og nøkkelpersonar, så mister ein noko av den nære kontakten og dialogen med viktige samarbeidspartnarar, seier Johannessen.

Når kalenderen syner 2015, står framleis politiregionen i Sogn med begge beina planta i det som førebels vert karakterisert som eit mistenkeleg dødsfall.

Eg trur vi skal få satse meir på det førebyggjande arbeidet då, for å hindre at ungdom hamnar ut i både kriminalitet og narkotika. Det er noko av det mest meiningsfulle politiet kan drive med.

Arne Johannessen

22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal 16. november etter å ha vore sakna sidan 25. oktober.

Førebels har ikkje politiet konkludert i si etterforsking, og den endelege obduksjonsrapporten er heller ikkje klar.

– Vi har framleis uløyste oppgåver og utfordringar, seier Johannessen.

Får for lite tid til førebyggjande arbeid

Og det er ikkje råd å leggje skjul på at dei mange, store hendingane i 2014 har skubba etterforsking av andre saker nedover på lista.

– Det uroar meg at vi får for lite tid til å jobbe systematisk for å analysere kriminalitetsbiletet, jobbe førebyggjande, samt ha ein skikkeleg strukturert plan og byggje alliansar. Det er felt som vert skadelidande når ein har tunge, store saker over lang tid, seier Johannessen.

Regionlensmannen i Sogn har tru på betre tider i 2015.

– Eg trur vi skal få satse meir på det førebyggjande arbeidet då, for å hindre at ungdom hamnar ut i både kriminalitet og narkotika. Det er noko av det mest meiningsfulle politiet kan drive med, seier Johannessen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune