NRK Meny
Normal

«Rådmannen har villeia og lurt oss»

– Rådmannen i Sogndal har ført politikarane bak lyset. Difor ville vi kaste han, seier Arne Glenn Flåten (H). – Dette er ikkje sant, seier rådmannen Jostein Aanestad.

Arne Glenn Flåten

KRITISK: Eg har ikkje tillit til ein rådmann som har villeia politikarane og som har brukt årevis på å løyse ein konflikt, ein konflikt som kunne vore løyst på ein mykje enklare og raskare måte, seier Arne Glenn Flåten (H).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Med 12 mot 13 røyster vart Høgre, Frp, Venstre og KrF sitt mistillitsframlegg mot rådmann Jostein Aanestad nedstemt tidlegare i dag. Men dei som trudde at gemytta skulle roe seg etter dette må tru om igjen. Kommunestyrerepresentant Arne Glenn Flåten (H) er ikkje nådig i kritikken mot rådmannen.

– Rådmann Aanestad har overfor det politiske miljøet ved fleire høve gått ut med urette og villeiande opplysningar. Difor har vi ikkje tillit til han.

Kva er det du siktar til?

– Ein kan ikkje seie til politikarane at vi leverer gode barnevernstenester, at det er ikkje konflikt i barnevernet og alt er løyst, når situasjonen ikkje er slik. Vi var førte bak lyset av rådmannen, seier han. Flåten viser til at konflikten i barnevernet har halde på i nærare 10 år.

Avviser kritikken

Rådmann Aanestad slår tilbake mot kritikken.

– Kritikken frå Flåten inneheld så mange feil at den er vanskeleg å forhalde til. Det er heilt feil at eg skal ha lurt og villeia kommunepolitikarane, seier rådmannen.

Aanestad viser til at han særleg gjennom 2015, men også gjennom delar av 2016 var veldig tydeleg overfor kommunestyret om at dei hadde eit omfattande arbeidsmiljøproblem i Sogn barnevern.

– Eg informerte også om at konflikten i barnevernet gjekk ut over kapasiteten og kompetansen. Dette fordi vi hadde eit høgt sjukefråvær, seier han.

– Flaaten hevdar konflikten i Sogn barnevern starta lenge før 2015 og 2016. Informerte du politikarane om konflikten før 2015 og 2016?

– Det er ikkje noko i rapportane som seier at konflikten har halde på i nærare 10 år. Det var først gjennom ei arbeidsmiljøundersøking i 2011 og 2012 vi fekk avdekt at vi hadde utfordringar som vi måtte ta tak i, seier rådmannen. Han viser til at sjukefråværet vart veldig høgt først i 2015 og 2016.

Jostein Aanestad

AVVISER KRITIKK: Det er ikkje sant at eg har ført politikarane bak lyset i saka om Sogn barnevern, seier rådmann Jostein Aanestad.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Skuffa

Flåten er skuffa over at det ikkje vart fleirtal for å kvitte seg med rådmannen.

– Han har unnlate å fortelje heile historia så mange gonger. Slikt gir ikkje tillit.

– Konflikten i barnevernet er no løyst. Var det slik sett naudsynt å reise mistillit mot rådmannen no i dag?

– Vi har ikkje tillit til ein rådmann som har villeia politikarane og som har brukt årevis på å løyse ein konflikt, ein konflikt som kunne vore løyst på ein mykje enklare og raskare måte.Taparane har vore brukarane av barnevernstenesta, seier han.

Aanestad påpeikar at det er tungt å ta imot ein kritikk han meiner er så urettferdig

Vegopning på Bergum i Førde kommune