NRK Meny
Normal

«Puls-Yngvar» reiser til Hellas for å trene flyktningar

Sogningen Yngvar Andersen også kjent som «Puls-Yngvar» har i mange å trimma nordmenn. No er han i Hellas for å trene folk som bur i flyktningleirar.

Yngvar Andersen

HJELPER FLYKTNINGAR: Treningsekspert Yngve Andersen.

Foto: Astrid Engen / NRK

– Det er mange grunnar til at eg gjer dette. Først og fremst har eg møtt folk som har vore i Hellas tidlegare og gjort ein innsats med «Dråpen i havet», som har sendt ned mange frivillige til øyane i byrjinga av krisa, og seinare og til flyktningleiarane, seier Andersen.

Tusenvis av båtflyktningar har kome til dei greske øyane. Tidlegare hadde folk håp om ei betre framtid når dei kom til dei greske øyene. Etter at grensene i Europa har blitt stengde har det vorte svært uvisst og vanskeleg for flyktningane. Mange har reist til Hellas for hjelpe og Andersen ynskjer å gjere det han kan for gjere kvardagen lettare for dei mange som sit i leirane.

– Ein vert kanskje ikkje lukkeleg av å trene, men ein vert gjerne litt mindre tungsindig og deprimert, og det er hovudmålet her, seier Andersen.

Mange vil bidra

Då Andersen annonserte kva han vil gjere fekk han mange tilbakemeldingar frå andre treningsfolk som også ynskjer å bidra.

– Det vert jo og på sett og vis også ein studietur. Eg ser jo at det er eit beskjedent bidrag eg kan gjere no, men det kan kanskje sette i gang ein kjedereaksjon. Det er i alle fall målet. Deretter kan både eg og andre reise ned fleire gonger for å følge det opp.

Flyktningeleier i Chios

ENKLE TELT: Mangeav båtflyktningane bur i enkle telt slik som her i flyktningleiren i Chios.

Foto: Eirik Johan Solheim

Fortvilande situasjon

Andersen har fore på fleire flyktningmottak i Norge, og har møtt folk som har budd i tilsvarande leiarar som han no skal besøke. sjølv har han aldri vore i ein flyktningleir.

– Skal eg vere ærleg så trur at det beste utgangspunktet for meg som aldri har vore i ein flyktningleir er å reise ned for å sjå og høyre. Men folk er folk, og med litt erfaring og opne øyrer så skal eg nok klare få til eitt eller anna bra. Men som sagt dette endrar ikkje verda for dei, men kanskje det kan vere eit lite bidrag.

Lite utstyr

Verken greske eller europeiske styresmakter ynskjer at leirane skal verte permanente. Difor er det vanskeleg å få til dømes treningsutstyr inn i leirane.

– Det som blir mi oppgåve er å få dei som har litt treningserfaring frå før til å sjå moglegheitene med det vesle som er.

Sjølv har han prøvd å bu seg på det møter han ved å snakke med folk som har vore der tidlegare. Men han er samstundes klar over at kjem til å møte inntrykk som det er umogleg å bu seg på.

– Vi kan ikkje gløyme dette. Sjølv om det er stadig færre som kjem til Norge så er det mange millionar som har det forferdeleg rundt om i verda. Både i Hellas og andre stader, seier Andersen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.