Hopp til innhold

«Parabolikaren» som fekk inn heile verda

I dag er mange TV-kanalar ein sjølvfølge. Men for 23 år sidan var Johan Johansson tidlegare ute enn dei fleste av oss.

STOR PARABOL: Kunnskapen om frekvensar og parabolar gjorde til at Norge Rundt tok turen til Johan Johansson i Florø i 1994.

I dag tek dei fleste av oss ein rikhaldig underhaldningsmeny på TV og nett som ein sjølvfølge. Men i 1994 var utvalet av TV-kanalar mykje dårlegare enn i dag. I alle fall for dei fleste av oss.

Difor reiste Norge Rundt til Florø for å møte Johan Johansson i 1994. 47-åringen hadde nemleg ei heilt spesiell interesse. I hagen hadde han ein diger tallerken, som kunne ta inn TV-signal frå heile verda. Heile 251 kanalar hadde han tilgang på i si eiga stove.

Ein parabolikar og parabol-frik blei Johansson kalla i Norge Rundt-innslaget.

– Det var også andre som hadde parabol på den tida, men få som hadde så mange kanalar som meg, fortel han i dag.

Ville ha hjelp til å fjerne pornosladden

Johan Johansson

INTERESSERT I TEKNIKK: Han var med i ein satellitt-klubb for andre med interesse for frekvensar og TV-kanalar. Mange tok kontakt med Johansson for å få hjelp.

Foto: NRK

Heile to meter i diameter var parabolen hans. Den hadde motor slik at han kunne han sitje inne i stova si og vri på antenna. 36 satellittar kunne han ta inn. Og med ein ganske avansert tuner kunne han få inn mange kanalar.

– Det som var viktig var at mikrobølgjehovudet på parabolen var i vater og at tiltinga var rett. Det var ganske omstendeleg å stille inn.

Og nettopp denne kunnskapen hans gjorde til at han fekk telefonar om hjelp. Ikkje berre frå nordmenn, men også folk rundt om i Europa.

– Nokre ønska seg tips om frekvensar, andre ringde meg fordi dei trengde tips til korleis dei kunne få tilgang på usensurert porno, altså få vekk sladden som låg oppå signala. Eg fekk mange telefonar midt på natta.

– Kunne du hjelpe dei?

– Ja, det kunne eg, ler Johansson.

Populært med MTV

Med heile verda inn i stova blei det ein del timar med «zapping» og TV-titting i løpet av ei veke. Det gjekk mest i Sky News og musikkanalar.

– Eg hadde kopla slik at vi hadde TV på alle romma.

Og nokre kanalar var mei populære enn andre.

Dottera mi såg mykje på MTV og hadde masse besøk av venninner. Ho var den einaste som hadde MTV. Den gongen var det stort.

Meir selektiv i dag

Johan Johansson

FOTOGRAF: Johan Johansson i Florø er oppteken av teknologi og fotografering.

Foto: Privat

Johansson har framleis ein rikhaldig TV-meny, men ser mest på NRK1.

– Vi er meir selektive i dag. Det går mest i sport, NRK1 og norske underhaldningsprogram som Skal vi danse. Vi har også Netflix.

– Kva skjedde med den store tallerkenen. Brukar du den enno?

– Den ligg i hagen i gamlehuset. Ei to meter brei antenne er ikkje så lett å bli kvitt, flirer han.

Lyst på meir gull frå arkivet?

Johan Johansson

NORGE RUNDT: Sjå heile innslaget frå Norge Rundt 11. mars 1994. Reporter: Kristin Ytre-Arne/foto: Atle Løkken/lyd: Åse Røyset.