Dette er stikk i strid med den forklaringa som styreleiar Bjarte Tunold i Pan Fish gav i retten i går. Både Tunold og administrerande direktør Arne Nore i Pan Fish sa at det var eit krav frå Jarle Kvalheim at dei skulle ha to avtalar då Pan Fish kjøpte anlegga for 81 millionar kroner.
Offisielt vart kjøpesummen oppgitt til 60 millionar kroner, og Økokrim meiner dette vart gjort fordi Kvalheim ville putte 21 millionar kroner i sitt eige familieselskap Pering.
I går sa leiinga i Pan Fish at Kvalheim opplyste at pengane
skulle gå til kona i samband med eit skilsmisseoppgjer.
Leiinga i Pan Fish avviste at dei var interessert i å kamuflere kjøpesummen, likevel aksepterte dei kravet frå Kvalheim.
Men i dag sa Kjell Herje, revisor i fleire av selskapa til
Kvalheim, at han fekk opplyst av Kvalheim at det var Pan
Fish som ønskte å kamuflere kjøpesummen fordi dei ville
halde hemmeleg kor mykje dei måtte betale for to
oppdrettskonsesjonar.
Herje har vore revisor for Kvalheim heilt tilbake til tidleg på 80-talet. Han sa i retten at han ikkje kjente innhaldet i den avtalen som vart inngått mellom Kvalheim og Pan Fish utover det han fekk opplyst på eit møte i Moss med Jarle Kvalheim og kona hans.
På direkte spørsmål frå forsvarar Per Kjetil Stautland, sa
Herje at han ikkje trudde at Kvalheim hadde som føremål å
gjere noko straffbart i samband med overføringa av 21
millionar kroner til Pering.
Økokrim har tidlegare sikta Kjell Herje, og i dag nekta han å forlare seg for retten om han kjente til at aktiviteten i
selskapet Fiskas handla om å omgå minsteprisavtalen med
EU.
Herje er også revisor for dette selskapet, som Kvalheim
har sagt vart stifta for å omgå regelverket til EU.
Jarle Kvalheim hevda i retten at Herje kjente til det som
skjedde, men dette ville ikkje revisoren frå Moss kommentere
så lenge han er sikta for dette forholdet.