Hopp til innhold

Pengar til overs kan redde Olden-Innvik

Pengar som blir til overs kan sikre utbetringar på vegen mellom Olden og Innvik neste år.

Vegen Olden-Innvik

KAN FÅ PENGAR: Eit anna vegsamband har blitt billegare, det kan sikre framdrift på den omstridde vegstrekninga Olden-Innvik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sist veke varsla Fylkeskommunen at dei måtte stogge arbeidet med å utbetre den mykje omtala fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

No kjem det derimot ei gladmelding frå same kanten, dei har no fått pengar til overs.

– Vi har fått beskjed om at det prosjektet som heiter Bremanger 2 har blitt 62 millionar kroner billegare enn det vi hadde budsjettert med, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers til NRK.no.

Det betyr at vegstrekninga som er kåra til den verste i landet likevel kan få løyvingar i neste års budsjett.

Strekninga må prioriterast

Då Fylkeskommunen førre veke slepte nyheita om at dei må stogge utbetringsarbeidet på fylkesveg 60 var det mange som fekk seg eit slag i magen.

Hotelldirektør Richard Grov ved Alexandra Hotel meiner politikarane må prioritere strekninga.

– Seinast i august då ferjesambandet Anda-Lote måtte stengje såg vi kva problem som lett oppstår mellom Olden og Innvik. Det vart bom stopp. Dette skaper stor uvisse, mellom anna i forhold til sjukehustransport. Og dette kan vi ikkje leve med, seier Grov.

Lovar framdrift

Neste parsell på Olden Innvik vil koste 140 millionar, og samferdsleutvalet skal avgjere saka i dag. Sp-politikar Arnstein Menes som leiar utvalet, lovar å grave djupt i lommeboka for å sikre framdrift på Olden-Innvik.

– Vi kjem til å lage ei opplegg som sikrar kontinuerleg drift på utbetringsarbeidet på denne strekninga, seier Menes.

– Lovar du det?

– Ja, det lovar eg.

Vil ta opp lån

Men sjølv med pengar frå Bremangersambandet manglar det altså fleire titals millionar til utbetring på Olden-Innvik.

Øhlckers meiner kostnadene kan dekkast med fondsmidlar. Menes vil vurdere lån.

– Om vi så må ha eit ekstra låneopptak, så skal vi halde kontinuerleg drift her, slår Menes fast.

– Eg skal gjere mitt beste

Det er i hovudsak to årsaker til at Fylkeskommunen må spare pengar. Staten løyver mine pengar til fylkeskommunen dei komande åra, og i tillegg har dei store utgifter etter naturøydeleggingar.

Påtroppande fylkesordførar, Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet, har likevel håp for Olden-Innvik.

– Eg vil gjere mitt yttarste for at vi skal få framdrift på Olden-Innvik, og det trur eg dei andre partia også ønskjer.