Hopp til innhold

Så glad blei Bente då «Omega» endeleg kom heim

Bengalkatten «Omega» var skranten og svolten då ho endeleg dukka opp etter å ha vore på rømmen. Endeleg kunne matmor Bente Jæger ta «Omega» inn att i varmen.

Bente Jæger og katten Omega

PUS KOM HEIM: Bente Jæger og rasekatten «Omega» som no har dukka opp att.

Foto: Privat

Den unge rasekatten sprang brått til skogs for ei veke sidan, og trudde nok ho var klar for å leve eit fritt liv i vårsnøen som dala. Men det tykte matmora lite om, og fekk hjelp frå NRK til å etterlyse «Omega».

– Til alt hell var det ein nabo som oppdaga katten. Då var han blitt temmeleg tynn og såg veldig svolten ut. Eg var utruleg glad då ho kom og leverte katten, fortel ei svært glad Bente Jæger til NRK.

Bente var på jobb då ho fekk beskjeden om at «Omega» var funnen, og ho skunda seg ut døra straks skiftet var ferdig.

– Ho er jo ein innekatt og plar ikkje vere ute meir enn ein times tid. Ho har aldri vore ute om natta før, så det var jo typisk at det skulle byrje å snø i natt, sa ho til NRK då «Omega» forsvann.

No vil Bente Jæger rette ein stor takk til alle som var med og såg etter den ivrige bengalkatten.

Bengalen Omega

INN I VARMEN: Bengalkatten «Omega» er ikkje lenger på rømmen.

Foto: Privat