Hopp til innhold

"Ny" RV 60 kan verte framskunda

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete vil sjå på om det er mogeleg å framskunde utbetringa av riksveg 60 mellom Olden og Innvik.

Frå riksveg 60 Olden-Innvik
Foto: MMS-foto:Torbjørn Fardal / NRK

Laurdag var Navarsete i Stryn for å sjå på vegstrekninga. Same dagen sa hotelldirektør Richard Grov at turistbussane er byrja å leggje om ruta fordi dei ikkje vil køyre den smale og kronglete vegen.

- Ser behovet for utbetring

- Eg forstår kva vegforkjemparane snakkar om. Eg ser behovet, og eg jobbar no for å få mest mogeleg pengar til riksvegane, men også  til rassikring og utbetring av vegar. Og det er utbetring av ein eksisterande veg vi snakkar om her. Vi må no ta ein diskusjon på om vi skal prioritere eksisterande vegar i neste Nasjonal transportplan, seier Navarsete til NRK Sogn og Fjordane.

Vil bruke rassikringspengar

Ho er klar på at vegen må utbetrast i første perioden av neste Nasjonal transportplan, det vil seie før 2014. Men laurdag sa Navarsete at ho vil sjå på om det let seg gjere å skaffe pengar slik at vegen kan utbetrast så fort som mogeleg.

- Men med dei store prosjekta vi har i Sogn og Fjordane, som Dalsfjordbrua og Bremangersambandet, så vil dette verte vanskeleg om vi berre ser på riksvegmidlane. Å bruke rassikringspengar kan vere ein strategi for å få denne vegen framskunda, seier Navarsete.

Les meir: Turistbussar nektar å køyre her