«Norges verste veg» får etterlengta opprusting

Trass ein skrantande økonomi bestemte Fylkestinget i kveld å setje i gong opprustinga av Olden-Innvik allereie til neste år.

Steinras på fylkesveg 60 Olden - Innvik

BLIR RUSTA OPP: Strekninga Olden-Innvik har tidlegare blitt kåra til «Norges verste veg». No får den etterlengta midlar til opprusting.

Foto: Arne Vik

Sogn og Fjordane går tronge økonomiske tider i møte. Det hindra likevel ikkje eit samrøystes fylkesting i å vedta dei naudsynte løyvingane til vegstrekket.

– Sogn og Fjordane har store økonomiske utfordringar som gjer at vi må omstille drifta vår i tida framover. Samstundes kan vi ikkje legge oss ned for å døy. Vi er nøydde til å vere tydelege på satsingar det er tverrpolitisk semje om at skal realiserast, og det gjer vi no, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Samrøystes fylkesting gjekk for opprusting

Fredag vart det klart at staten ikkje vil kome med pengar for å få sikra siste del av vegen mellom Olden og Innvik. Dermed var det i dag opp til politikarane på fylkestinget om vegstrekninga skulle få dei naudsynte midlane til opprustinga.

Det er noko lokale vegforkjemparar har jobba for i fleire år. I dag kom gladmeldinga.

Frank Willy Djuvik

GLAD: Frank Willy Djuvik er glad for at vegprosjektet endeleg kan realiserast.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Senterpartiet, Høgre, Venstre og Framstegspartiet hadde eit felles framlegg og vedtaket vart gjort samrøystes.

Allereie før avgjersla fell, var det stor optimisme blant fylkespolitikarane om utfallet.

– No er vi godt nøgde. Fylkestinget ser ut til å fatte eit vedtak som sikrar optimal framdrift på Olden-Innvik og at vi kan realisere prosjektet så snart som mogleg. Det er vi veldig glade for, sa Frank Willy Djuvik.

Vil få konsekvensar for drifta i åra som kjem

Den økonomiske ramma for tunnelen Ugla-Skarstein er sett til 387 millionar kroner, men fylkestinget vil komme tilbake til saka i april dersom det syner seg at arbeidet kan gjerast billegare.

– Korleis greier ein dette i den økonomiske krisesituasjonen som fylkeskommunen trass alt er i?

– No brukar vi fleire hjelpemiddel, vi brukar momskompensasjon og rentekompensasjon, vi har nye låneopptak som sjølvsagt òg får konsekvensar for drifta i åra som kjem, sa Djuvik.

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

NAUDSYNT: Trass økonomiske utfordringar, meiner Arnstein Menes (Sp) at opprustinga av vegen ikkje kan vente.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Arnstein Menes i Senterpartiet er klar på at dette er eit prosjekt som ikkje kan vente.

– Det er klart det ligg nokre økonomiske utfordringar for fylkeskommunen i tida framover. Men dette er ein veg som uansett ikkje kan ligge slik den gjer i dag. Så dette er heilt nødvendig å gjere noko med.

Oppstarten går altså i gong til neste år, og ei ferdigstilling av vegen er venta i 2018–2019.