Hopp til innhold

«Norge Nå» kjem tilbake til Sogn og Fjordane

Lidenskapleg laksefiske, bokjakt og utsiktspunkt står på programmet når «Norge Nå» er i gang att etter ferien. Denne gongen frå Sogn og Fjordane.

Silje Guddal og Tarjei Strøm

PÅ TUR: Reporter Silje Guddal og programleiar Tarjei Strøm er på plass ved Lærdalselvi.

Foto: NRK

– Dette blir både kjekt og spennande. Vi lovar gode opplevingar for dei som ser på, seier reporter Silje Guddal.

Saman med programleiar Tarjei Strøm skal ho besøkje Lærdal, Flåm, Fjærland og Gaularfjellet, og alt skal sandast direkte på NRK TV.

Måndag kveld kan du bli med til Lærdal der Lærdalselvi lenge var dronninga av dei norske lakseelvene. Så kom sjukdomen gyrodactylus salaris, og fisken i elva var nær å døy ut.

No har fiskarane byrja å kome tilbake, og elva i ferd med å bli ein eksklusiv reiselivsdestinasjon på ny.

– Vi skal fiske laks på direkten, og det blir spennande å sjå om vi får napp, seier Guddal.

Ho har besøkt den lidenskaplege laksefiskaren Bjarne Huseklepp i Guddal i Fjaler.

– Han har laga eigne fluger sidan han var 10 år. Eg har fått med meg ei av dei mange han har laga og som han meiner skal fungerer veldig godt i denne elva.

Fart og spenning

Neste stopp på turen blir turistbygda Flåm som i sommar har hatt 250.000 cruiseturistar på besøk.

– Vi skal ha med mange spennande gjester i Flåm på tysdag, både dei som heier på cruiseturismen og dei som er motstandarar.

Det blir også ei fartsfylt stund undervegs i programmet. For Guddal skal nemleg teste ut den nye attraksjonen i Flåm.

– Planen er å prøve zipline direkte på TV. For meg som ikkje likar fart og spenning, så kan dette bli ei angstfylt oppleving både for dei som ser på og meg, ler ho.

Onsdag kan du bli med til Fjærland og Noregs første bokby. Korleis kan bokbyen få sin renessanse og dra til seg fleire turistar? Programleiar Tarjei Strøm har med seg bokelskarar, hotelleigarar og turistforskarar inst i fjorden

– Og eg skal på bokjakt med ein skikkeleg bokelskar, seier reporter Silje Guddal.

På bokjakt

Besøket i Sogn og Fjordane for denne gong blir avslutta ved utkikkspunktet på Gaularfjellet. Her har trafikken skutt i vêret etter at Dei nasjonale turistvegane har skapt 18 vegar om til reiselivsattraksjonar.

– Vi skal oppsummere turistsesongen og høyre kva effekt Dei nasjonale turistvegane har hatt, seier ho.

Sjå alle programma

Programmet blir sendt direkte på NRK1 kl. 20:25 eller i nettspelaren vår.