Mykje av forklaringa til Kvalheim har dreidd seg kring det aktor kallar metode to; fiktive fiskekjøp med bedrifter som ikkje eksisterar. Dette er selskap som Økokrim ikkje har funne registrert i Brønnøysund-registeret og som Økokrim meiner han har brukt til å få utbetalt urettmessig meirverdiavgift frå staten gjennom fiktive fiskekjøp.
Kvalheim har i retten fortalt om dei ulike bedriftene som har vore registrert på han i Nord-Norge. 52-åringen hugsar ikkje namnet på alle personane som skal ha formidla fiskekjøp for han, men seier at han har møtt mange av desse på mellom anna fiskemesser. Økokrim har derimot ikkje klart å spore opp desse personane.
Men ikkje alle agentane han har handla med, hugsar han namnet på. – Det er lang tid sidan, sa Kvalheim. – Eg trur heller ikkje du hugsar alle personane du hadde kontakt med for ti år sidan, sa Kvalheim til aktor sitt spørsmål.
Økokrim har ikkje funne noko lokale til dei adressene som er oppgitt på selskapa i Nord-Norge. I eitt av selskapa er det også oppgitt tre ulike adresser til same selskapet. – Eg veit ikkje kvifor det er slik, sa Kvalheim i tingretten i dag.