Hopp til innhold

«No skal eg berre vaske dassane»

Årets Larrisfestival er over. Og det er ein nøgd arrangementssjef Per Øyvind Helle som summerer opp helga på ny grunn.

– Vi er veldig nøgde med gjennomføringa. Rådhusplassen fungerer glimrande som arena for folkefest, det er i alle fall heilt klart, seier Helle.

I år vart festivalen for første gong halden på Rådhusplassen framfor det nye rådhuset i Førde.

Arrangementssjefen er i ferd med å leggje siste hand på årets verk.

– Har arrangementet og gjennomføringa gått bra?

– No skal eg spyle ein dass her, så etter det er eg veldig nøgd, ler Helle.

Skulle ønska fleire kom

Per Øyvind Helle

KLAR: Her er Helle før det braka laus fredag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Publikumsoppmøtet er vi nøgd med. Det var rundt 1900 menneske på laurdag. Alt er relativt her i verda, men det må vi vere veldig nøgde med.

Mellom 2300 og 2500 er makskapasiteten på konsertområdet ved det nye rådhuset i Førde.

– Sidan det var første gong vi hadde festivalen der, var det kanskje like greitt at det ikkje var smekkfullt.

Men han vedgår at han hadde håpa på enno fleire folk. Rundt 900 menneske møtte opp første dag. Helle hadde håpt på ein stad mellom 1200-1300.

– Vi skulle ønskt det kom fleire på fredagen.

Fokuset i helga har vore på å gjennomføre, ikkje føre rekneskap, fortel Helle. Men han seier det ser greitt ut økonomisk, til trass for det litt skuffande fredagsoppmøtet.

– Vi skal ikkje tape pengar på dette, då er det ikkje noko vi kan drive med. Når vi tek med serveringa også, trur eg vi skal kome ut av det med eit overskot. Vi er nøgde.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet frå fredagen)

Nøgd publikum og artistar, og snart ein nøgd sjef

Det er Rica Sunnfjord Hotell, HippHipp Flora og Førde Event & Uteliv som arrangerer festivalen saman.

Og Helle seier det ser ut som festivaldeltakarane likte det dei fekk servert.

– Ja, vi har fått svært mange flotte tilbakemeldingar frå publikum. De koste seg verkeleg.

Det same gjorde artistane, ifølgje mannen som møtte dei på andre sida av teppet.

– Artistane har vore svært begeistra når dei sit bak scena langs Jølstra og kosar seg. Det einaste dei mangla var ei fiskestong, seier Helle.

Om ikkje lang tid vil han også seier seg nøgd.

– No er det berre å spyle dassane etter eg har prata ferdig, så er vi nøgde her.