Hopp til innhold

«Nei, vi vil ikkje selje Hovland»

Trond Fylling avviser alle spekulasjonar om at Even Hovland skal vere på veg til Molde for seks millionar.

Even Hovland

SKAL IKKJE BORT: Sogndal avviser alle spekulasjonar om at Even Hovland er på veg til Molde allereie no. Det skal vere uaktuelt å selje før sesongen er slutt.

Foto: Rune Fossum / NRK

VG skriv tysdag om at Sogndal og Molde sat i forhandlingar om Even Hovland til langt på natt. Romsdalingane skal ha lagt seks millionar på bordet i eit forsøk på å sikre seg midtstopparen før overgangsvindauget stengjer.

– Eg har vore i Molde og snakka med Ole Gunnar Solskjær og Jim Solbakken. Det var greitt å snakke med dei face to face, kommenterer sportssjef Trond Fylling i Sogndal.

– Det skjer ingenting rundt Hovland no. Den ballen er lagt død. Vi skal halde fram som før, trass alle spekulasjonar frå media – som berre lagar krøll, seier han.

Blir truleg seld etter sesongslutt

Det har lenge vore kjent at Molde og Ole Gunnar Solskjær vil knyte til seg Sogndals Even Hovland snarast råd. No tyder alt på at midtstopparen blir verande i Sogndal ut sesongen.

– Det einaste som er sikkert, er at Even blir seld etter sesongen, seier Fylling.

NRK har utan hell prøvd å få Hovland sjølv i tale. Forsvarsspelaren sa berre for ei veke sidan at han ser for seg å bli i klubben ut sesongen.

– Treng alle som kan krype og gå

Trond Fylling understrekar at det er uaktuelt å selje Even Hovland før sesongen er over.

Til det er krumtappen for viktig i kampen for å overleve i eliteserien.

– Det store målet vårt er å overleve i divisjonen. Og akkurat no ligg det an til at vi får ein tøff haust. Vi treng alle som kan krype og gå, seier Fylling.

Jobbar med å hente ny spelar

Sportssjefen meiner kampen for å overleve passar Hovland som hand i hanske. Med mykje å gjere i forsvaret, håpar han det er det beste utstillingsvindauget for 22-åringen.

Samstundes jobbar Sogndal no for å styrkje stallen framfor innspurten i eliteserien.

– Kva spelartype er de ute etter?

– Det må vi sjå på. Eg ønskjer ikkje å kommentere dette noko nærmare, seier Fylling.

Trond Fylling

JOBBAR MED NYKOMMAR: Trond Fylling håpar å ha ein ny spelar klar før overgangsvindauget stengjer.

Foto: Rune Fossum / NRK