Hopp til innhold

Asylpolitikk eitt år etter: «Nei» til mottak uaktuelt

Årdal kommune får berre delvis gjennomslag for sine asylkrav. I etterkant av trippeldrapet i fjor, sende kommunen 7 krav knytt til asylpolitikken til UDI.

Trippeldrap på buss i Årdal

EITT ÅR SIDAN: Eitt år har gått sidan trippeldrapet i Årdal. Ein asylsøkjar som skulle ut av landet stod bak. Årdal kommune,

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Avdelingsdirektør i UDI Christine Wilberg seier dei no langt raskare sender asylsøkjarar som ikkje får behandla asylsøknanden sin i Norge, tilbake til det Schengen-landet dei først søkte asyl i.

Christine Wilberg

AVDELINGSDIREKTØR: Christine Wilberg i UDI.

Foto: Nora Lie/UDI

– Saman med utlendingseininga i politiet og utlendingsnemnda har vi kutta kraftig ned på tida dei som skal tilbake til eit anna europeisk land er i Norge, altså dei sokalla dublinerane, seier Wilberg.

Asylsøkjarar som tidlegare har søkt opphald i eit anna Schengen-land skal sendast tilbake dit, jamfør Dublin-avtalen. I fjor venta 300 slike "dublinarar på utsending". Talet er no 100.

Sju konkrete krav

UDI fekk kort tid etter trippeldrapet eit liste med 7 krav frå Årdal kommune, som måtte opprette mottak på berre få månadar sommaren før trippeldrapet:

  • Betre helseundersøkingar av asylsøkjarar
  • Krav til helsepersonell ved asylmottaka
  • Kommunane må ha tid til å bu seg
  • Søkjarar med avslag må ikkje ut i kommunane
  • Uttransportering må skje samstundes som avslag
  • Kommunane må få innføring i å vere vertskommune
  • Kommunane må kunne seie nei til mottak

Eitt av krava var altså at asylsøkjarar med avslag ikkje skal sendast ut i kommunane, slik situasjonen var for drapsmannen. Eitt år etter trippeldrapet har nokre ting endra seg.

– Vi har i størst mogleg grad samla dei i mottak i nærleiken av Gardermoen, slik at dei skal vere lettare tilgjengelege for å bli uttransportert raskare, seier Wilberg.

Får ikkje seie nei til asylmottak

Eit anna krav frå Årdal var at kommunar som får asylmottak skal bli meir involvert i prosessen.

– Det er viktig for oss med eit godt samarbeid med kommunane, seier Wilberg.

Men ordførar Arild Ingar Lægreid, som i går såg hundrevis samle seg til minnestund etter trippeldrapet, meiner UDI framleis har ein veg å gå.

Jøran Kallmyr

STATSSEKRETÆR: Jøran Kallmyr

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Eg oppfattar framleis at kommunane ikkje har noko dei skulle ha sagt i samband med etablering av mottak. Det synest eg ikkje så mykje om, seier Lægreid.

Ordføraren vil bli skuffa også framover. Kravet om å kunne seie NEI til asylmottak, vil ikkje bli innfridd, seier statssekretær i Justisdepartementet Jøran Kallmyr.

– Det vil vere ganske vanskeleg dersom kommunane skal ha ein vetorett. Då vil vi rett og slett ikkje ha moglegheita til å kunne ha den beredskapen vi treng for å kunne ha mottak til alle som kjem til Norge, seier Kallmyr.

Vurderer eigne mottak for asylsøkjarar

Når det gjeld kravet om betre helseundersøkingar av asylsøkjarar seier Kallmyr at det er endringar på gong.

– Vi jobbar ganske aktivt når det gjeld oppfølging av helse. Både fysiske og psykiske lidingar. Det er eit læringspunkt som blir følgt opp.

Statssekretæren seier målet om differensiering av mottaksstrukturen står fast, og at helse er ein av tinga dei ta med i jobben.

– Vi vil også sjå på det som har med helsetilstand å gjere, og vurdere eigne typar mottak for dei som har større utfordringar med helsa, seier Kallmyr.