Hopp til innhold

«Nei, kva verda, vi kan ikkje vere redde for dette»

Ekteparet Arnold (93) og Martha (83) Pupe er vande til å gjere det meste sjølv. Ikkje ein gong høge stigar skremmer dei frå å gjere det som må gjerast.

Arnold og Martha Pupe

KVIR SEG IKKJE: Medan mange ville leigd inn hjelp, eller sett opp eit stillas, står dei i toppen av stigane for å måle huset.

Foto: Inger Lind Aasen

– Dei seier dei fleste ulukker skjer i heimen, men vi har no vore skåna for det, fortel Martha og ler.

I heimen til Martha og Arnold på Støfringsdal i Jølster er det ofte full rulle. Medan mange ville leigd inn hjelp, eller i det minste sett opp eit stillas, står dei i toppen av stigane for å måle huset. Det i ein alder av 83 og 93 år!

Tøffe pensjonistar

Arnold og Martha Pupe

LUFTIG: Det spreke ekteparet kvir seg ikkje for måle veggen på huset sitt.

Foto: Inger Lind Aasen

Då naboen la bileta ut på Facebook vakte det oppsikt blant fleire.

– Det forstår eg ikkje. Vi er no vande med å gjere slike ting sjølv. Og det med stigane har no gått bra så langt, seier Martha.

De er ikkje redde for å skade dykk?

– Nei, kva verda. Vi kan ikkje vere redde for det.

Arnold, som er ti år eldre enn Martha, er hakket tøffare, vedgår kona.

– Han skal no absolutt bruke den dårlege stigen, men han er ikkje redd, han. Eg må han den gode stigen, eg, fortel ho.

– Kan ikkje drive og leige

I dag er det blitt meir og meir vanleg å leige inn hjelp, og kanskje særleg blant dei eldre. Martha meiner det er litt for lett å leige inn hjelp.

– Ein kan jo ikkje drive og leige inn hjelp om ein har helse til å gjere det sjølv, seier ho.

Sidan dei flytta inn i huset på Støfringsdal i 1978 har dei gjort det meste sjølv. Ungane bur vekke, men av og til blir dei hyra inn for å hjelpe.

– Då det var ein meter snø i vinter, fann vi ut at det var best å la dei ordne det. Og viss vi må sage vekk litt skog, så overlèt vi det til sonen vår, fortel den spreke 83-åringen.

Arnold og Martha Pupe

GJER DET MESTE SJØLV: Ekteparet Arnold (93) og Martha (83) Pupe prøver å gjere arbeidet i heimen sjølv.

Foto: Inger Lind Aasen

Imponert av naboane

Nabo Inger Lind Aasen publiserte bileta på Facebook og skriv: «Mine gode naboar i luftige operasjonar. Det pleier å gå godt, så det håpar eg denne gongen og».

– Ja, eg er glad når dei har kome seg ned igjen, flirer ho.

Inger fortel at ho har vore nabo med ekteparet i mange år, og at dei stadig er å sjå i arbeid, anten med hagearbeid, arbeid på huset, eller i arbeid med ved.

– Dei er heilt sjølvhjelpne, så dei er ikkje redd for å ta i eitt tak. Og så er dei veldig aktive elles i samfunnet og. Begge er aktivt med på dugnad på kyrkjesenteret. Det er imponerande, seier ho.