Hopp til innhold

«Moroskatten» kostar dei ein halv million

Auka «moroskatt» er langt frå noko lystig lesnad for hotelldirektør Sigurd Kvikne. – Norge er allereie eit veldig dyrt reisemål, seier han. – Uproblematisk, svarar Bjørn Lødemel (H).

Hotelldirektør Sigurd Kvikne i Balestrand fryktar følgjene av regjeringa sitt ynskje om auka skatt for kultur- og transporttenester.

SJÅ TV-SAK: Hotelldirektør Sigurd Kvikne i Balestrand fryktar følgjene av regjeringa sitt ynskje om auka skatt for kultur- og transporttenester.

Regjeringa presenterte i dag sitt framlegg til neste års statsbudsjett. Eit framlegg som vil gjere komersiell kollektivtransport dyrare, samt kino, museum og idrettsarrangement.

Det vil også gjere det dyrare å overnatte på hotell.

– Momsveksten vil totalt sett føre til prisauke. Norge er i utgangspunktet ein dyr destinasjon, og vil bli dyrare sjølv om vi har ein kronekurs som no hjelper på. Totalt sett er det ikkje positivt for reiselivet, seier direktør Sigurd Kvikne ved Kviknes hotell i Balestrand.

– På marginane laust

Skatten har fått namnet «moroskatt», men for hotelldirektøren var det ikkje noko moro då regjeringa gjorde framlegg om å auke skatten frå åtte til ti prosent på ulike kultur- og transporttenester.

Den skjerpa momsen, eller meirverdiavgifta, er venta å auke statsinntektene med 650 millionar når den slår inn for fullt . For Kvikne kom endringa som lyn frå klar himmel.

– For 2016 går det på marginane laus. Store delar av våre avtalar vart gått inn allereie i vår, og det klarer vi ikkje å hente inn att, seier han.

Taper ein halv million

Eit raskt overslag viser at «moroskatten» vil koste hotellet 450 000 kroner allereie til neste år. Dette er pengar dei må prøve å hente inn att på andre område, og innan 2017.

– Dette er mykje pengar som vi gjerne skulle brukt til produktutvikling, oppussing, sal og marknadsføring, seier Kvikne.

– Korleis kan de ta inn att dette beløpet?

– Vi må sjå på totalomsetnaden og sjå nøye på den prisinga vi gjer for neste sesong.

– Uproblematisk

Kvikne fryktar følgjene av at det blir dyrare for utanlandske turistar å sjå norske fjordar og fjell. Han meiner oppjusteringa er dårleg nytt for eit marginalt distriktsreiseliv.

Bjørn Lødemel

STORTINGSREPRESENTANT: Bjørn Lødemel sit på stortinget for Høgre.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Sjølv om vi no nyt godt av ein låg kronekurs så veit ikkje korleis den vil halde seg i framtida. Auka prisar i trongt marknad er aldri bra. Totalt sett vil ikkje dette vere positivt for reiselivet, held Kvikne fram.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner derimot at momsauken er uproblematisk.

– Dersom ein ser på dei skatte- og avgiftsslettene som kjem både for hotell og andre verksemder så vil dette bli positivt. Eg har stor tru på at vi vil ha god utvikling også for reiselivet, seier han.

– Vil ikkje auke

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier i ei pressemelding onsdag kveld at billettprisane for kollektivtransport blir uendra som følgje av kompensasjon blir uendra.

Derimot vil kommersiell verksemd, som Flytoget, drosjer og ekspressbussar ikkje få kompensasjon.

– Endringane i momssatsar kjem som følgje av framlegg til skattereform, og har som føremål å forenkle og effektivisere skattesystemet vårt. I sum blir det gjeve betydeleg skattelette, sjølv om det altså gir nokre enkelte utslag der det blir små aukar, seier han.