Hopp til innhold

Garanterer ny festival

Arrangøren bak Våt moro i Florø veit ikkje fasiten på verken besøkstal eller økonomi. Men lovar allereie ny festival.

For fyrste gong vart Våt moro-festivalen arrangert i Florø denne helga. Og sjølv om dei knapt er ferdig, vil arrangør Roger Bareksten gjerne gå på eit år til.

– Monstersuksess!

– Dette var ein monstersuksess frå fyrste augneblink. Vi er ikkje heilt ferdig endå, men eg kan allereie garantere at det blir ny festival neste år.

– Korleis kan du garantere det utan å vite verken besøkstal eller økonomisk sluttresultat?

– På grunn av måten florøværingane har omfamna arrangementet på. Det har vore ei utruleg stemning i heile byen, og blant alle aktørane som har bidrege. Då har vi det grunnlaget vi treng.

Magisk stemning

– Korleis vil du oppsummere helga?

– Det var utruleg godt å få gjort stuntet ute på Kinn. For oss handla det ikkje om at dei absolutt skulle greie å krysse heile lina mellom fjelltoppane. Det handla om å skape ei magisk stemning, og det greidde dei.

Festivalen byrja på torsdag med eit stunt der profesjonelle linevandrerar skulle prøve å krysse dei to fjelltoppane som utgjer Kinna-klova på slak line.

– Det var stor oppslutnad omkring aktivitetane. Til og med fredag føremiddag i duskregn.

Fylte parken

Han er også nøgd med vasskrigen dei arrangerte i parken laurdag ettermiddag.

– Det har ikkje vore så mange menneske i parken sidan Åge Aleksandersen spelte der ein gong på åttitalet. Dette overgjekk alle forventingar.

– Ser du noko som burde vore gjort annleis?

– Det er alltid mange detaljar som kan snikrast på. Men vi er berre fornøgde no.

Etterlengta ferie

– Kva skal du gjere no?

– Fyrst skal vi arrangørane snakke saman og oppsummere. Så skal eg ta meg ein veldig, veldig lang ferie, ler han.

– Eg er sliten. Men sliten på ein veldig god måte, avsluttar Roger Bareksten.