Hopp til innhold

«Molbopolitikk. Paragrafrytteri. Sløsing. Idioti.»

Reaksjonane i sosiale medium er sterke etter at nasjonalparkstyret har politimeldt oppsetting av ein kjetting på stien til fjellet Kattanakken i Briksdalen.

Kjetting og boltar i fjellveggen

STRIDENS KJERNE: Var det rett eller gale å setje opp denne kjettingen? Spørsmålet har skapt sterkt engasjement.

Foto: Maria C. Knagenhjelm

Fleire meter med kjetting møtte naturforvaltaren som var på tilsyn i Briksdalen. Nokon hadde teke seg jobben med å gjere delar av den populære stien opp til fjelltoppen Kattanakken tryggare, men utan å søkje om løyve hos nasjonalparkstyret. Resultatet vart at styret melde saka til politiet, som no skal etterforske den.

Her er eit knippe reaksjonar

Og reaksjonane har ikkje lete vente på seg etter at NRK fortalde om saka fredag kveld. På Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane har svært mange sagt si hjartans meining:

«Mest idiotiske i dag, burde vere viktigere at folk kan gå trygt enn alle idiotiske regler for alt som ikkje er lov i en Nasjonalpark , her bør en bruke litt vet, og heller fjerna heile nasjonalparken. Bruk tida på viktigare ting for politi og påtalemakta!! Molbopolitikk.»

«Ein kjetting er festa i ein bolt. Bolten står i eit hol som er ca 1 cm i diameter. Om nokon meinar at det er stor øydelegging av naturen å borre eit slikt hol, som du aldri ville legge merke til om dei fjerna kjettingen, så må det å bygge veg til fjellsetra få 21 års fengsel og forvaring livet ut.»

«Dette er gjort for at folk skal ferdast trygt, og det er eit minimalt inngrep i forhold til dei fysiske skadane ein kan unngå på menneska, som denne naturen faktisk er verna for at vi skal få oppleve.»

«Blir nok bråstopp i turisttrafikken etter sånn totalrasering av naturen.»

«Får no håpe naturforvaltaren ikkje holdt seg fast i kjettingen på vei opp då. Og heller tok sjansen på å dette ned. "Av prinsipp"

Støttar styret

Også dei som støttar politimeldinga har engasjert seg, men dei er i klart mindretal i tråden på Facebook:

«Om kjettingen løsner og noen faller og skade seg fordi de stolte på «hjemmesnekret» sikkerhet, hvem har ansvaret da? Hvem skal betale for redningsaksjon og bruk av politiressurser da?Vil samme hylekoret kopiere sine meldinger under en slik artikkel?»

«Det er ein god grunn til at vi har strenge vernereglar i nasjonalparkar. Ein skal ikkje berre ta seg til rette på denne måten, sjølv om intensjonen er den beste. Godtek ein slikt, er tanken med verning av nasjonal uberørt natur snart lite verdt. Dette er eit lovbrot gjort med vetande vilje, og då er politimelding ein naturleg og forventa reaksjon i eit rettssamfunn. Det skremmer meg eigentleg at folk flest tydelegvis synest slike ulovlege inngrep er greie...»

– Vi er fleksible

Ordførar i Stryn og nestleiar i nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen, Sven Flo, var med på det samrøystes vedtaket om å politimelde den ulovleg oppsette kjettingen. Han seier dei hadde ein lang diskusjon på saka. Han forstår dei mange og sterke reaksjonane.

Sven Flo

NESTLEIAR: Ordførar i Stryn, Sven Flo.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er ein sterk talsmann for at vi skal tilrettelegge og gjere nasjonalparken tilgjengeleg. Styret er og svært fleksible om ting vert gjort i rett rekkefølgje. Det er godt mogeleg at eg hadde støtta ein søknad om å montere kjetting om søknaden hadde kome før tiltaket vart utført, seier Flo.

Han ser absolutt at sikring av den bratte stien har noko føre seg. Men Flo seier styret i denne saka har vore opptekne av skape presedens, for å unngå at folk tek seg til rette i nasjonalparken.

– Forstår at det er gjort i beste meining

Heller ikkje nasjonalparkforvaltar Maria C. Knagenhjelm er overraska då ho får høyre om det sterke engasjementet. Ho er sekretær for styret som tok avgjerda om å politimelde saka.

Maria C. Knagenhjelm

NASJONALPARKFORVALTAR: Maria C. Knagenhjelm.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er fint at folk engasjerer seg, seier ho.

Både ho og Sven Flo er opptekne av å kome i kontakt med dei som har sett opp kjettingen, slik at den kan verte fjerna.

– Eg forstår at den er sett opp i beste meining, men vi kan ikkje heve oss over lova og seie at det er greit så lenge det ikkje er søkt om løyve, seier ho.

– Brukar store summar på utbetring av stiar

Knagenhjelm seier det ikkje er umogeleg å sikre og utbetre stiar i nasjonalparken, og viser til arbeidet som er gjort på stiane til Skåla, Oldeskaret, Lundeskaret, Erdalen og Sunndalen. Her er det brukt store summar på å gjere stiane tryggare og meir farbare.

– Men det er viktig at alle tiltak er ein del av ein heilskapleg plan der alle sider vert vurdert, påpeikar ho.

Knagenhjelm seier at dei no skal lage ein plan også for stien til Kattanakken etter ønskje frå Oldedalen om setje stien i betre stand.