NRK Meny
Normal

«Men gjennomgåande er det nok ein realitet, at talet søkjarar er høgare i dei store byane»

KOMMENTAR: Ja, det er tøft å rekruttere folk til stillingar her i fylket. Men kanskje kan det også vere det største fortrinnet vårt.

Terje Gilleshammer

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

NRK Sogn og Fjordane fortalde i dag tidleg at det er vanskeleg å rekruttere folk til stillingar i fylket. Sjølvsagt har verksemder som Fredskorpset hatt gode søkjarlister. Men gjennomgåande er det nok ein realitet at talet søkjarar er høgare i dei store byane, anten det er leiarar eller andre ein jaktar på.

Men dette er kanskje også det største fortrinnet vårt. For denne arbeidsmarknaden tvingar deg til å bli god på utvikling av dyktige medarbeidarar, og den kulturen meiner eg er gull verdt.

Dette gjeld uansett bransje, og dei beste døma på dette trur eg ein finn i bedrifter som Brødrene Aa i Hyen, Østerbø Maskin på sørsida av Sognefjorden eller Eid Elektro på Nordfjordeid. Alle desse veit eg jobbar godt med rekruttering, for truleg er du nøydd til det på stadar som Hyen eller Østerbø. Og det er sikkert mange andre gode døme som burde vore nemnt.

I NRK Sogn og Fjordane og NRK Nynorsk mediesenter har vi også etter kvart fått god erfaring med dette. Søkjarlistene våre er alltid kortare enn i byane.

Likevel har vi i fleire tiår vore eit springbrett for journalistar til større redaksjonar som NRK Dagsrevyen og TV 2. Berre NRK Nynorsk mediesenter åleine har lært opp 130 nynorskpraktikantar. 57 prosent av dei arbeider i media. 44 prosent er tilsett i NRK. Berre i fjor fekk 9 praktikantar fast jobb i media.

Legg ein til alle som har gått direkte via NRK Sogn og Fjordane, snakkar vi om kanskje 100 dyktige journalistar som byrja som ferskingar i Førde, og som reiste herifrå som konkurransedyktige og skarpskodde journalistar.

Eg trur at dette hadde ikkje vi fått til om parkeringsplassen stod full av arbeidssøkjarar på Prestebøen 2 i Førde.

For arbeidsmarknaden vår gjer at vi er nøydde til å leite etter potensialet i folk. Det er få rekrutteringsbyrå som les søknadar, CV'ar og hentar referansar nøyare enn dagleg leiar Magni Øvrebotten på NRK Nynorsk mediesenter.

Eit intervju hos ho er ein grundig og intens seanse. Mange praktikantar ler av det i ettertid, og seier det er det mest sjelegranskande intervjuet dei har vore med på. For Magni silar tydeleg, og ho leitar etter motivasjonen, krafta, engasjementet, viljen og dette ubeskrivelege som endar opp i formuleringa «heil ved».

Og når ein så har funne dei ein trur på, så startar den eigentlege jobben. Korleis lærer ein opp, korleis stiller ein krav, korleis hjelper ein dei den eine dagen og dreg dei hardt i øyra neste dag? Korleis skaper ein trygge rammer for å prøve og feile men alltid måtte arbeide hardt?

For å skape denne trygge men krevjande kvardagen, må heile bedrifta vere med på laget. Alt frå journalistkollegaen, administrasjonen til redaktøren må rettleie og heie. Her på huset er det ein stor dag kvar august og januar når ein fersk praktikant har si fyrste sak på lufta. Og journalistar, fotografar og vaktsjefar blir etter kvart så drilla på å lære vekk at dei gjer det heilt naturleg i kvardagen.

Over tid byggjer dette kultur som eg trur blir eit konkurransefortrinn. For realiteten i dagens arbeidsliv er at kunnskap er ferskvare. Sjølv den flinkaste ungdomen du hentar, vil innan få år sitje på kunnskap som er utdatert.

Difor må ein sitje på ei kjerne av kunnskap som ein heile tida oppdaterer, utviklar og byter ut. Difor blir det å hente den viljesterke, læringsvillige og arbeidsvillige ungdomen det viktigaste du gjer. Og den jenta eller guten treng ikkje vere blant dei 50 fyrste på den lange søkjarlista til stillinga i Bergen eller Oslo.

Viljen og pågangsmotet til denne ungdomen vil etter kvart bli noko som resten av verksemda di strekkjer seg etter. For vi middelaldrande som trur vi kan alt, har veldig godt av ein ungfole som går laust på nye ting vi ikkje visste vi trengde.

At ung og gamal lærer frå kvarandre skapar til slutt ein kultur ein må kjempe for å behalde.

I morgon kjem det fem nye spente praktikantar NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane. Kanskje var det litt få søkjarar, men vi skal finne dei sterke sidene deira og hjelpe dei med dei svake. Om ei og ei halv veke høyrer du dei fyrste på lufta, og om nokre år er nokre av dei kanskje i ein større redaksjon.