Hopp til innhold

«Målet var ikkje 1. divisjon i Norge, men...»

SOGNDAL (NRK): Hannu Patronen (30) har framleis ambisjonar om å vere aktuell for det finske landslaget. Samstundes vil han gjerne vere med på det som skjer i Sogndal.

Hannu Patronen klar for nok ein sesong i Sogndal

VIL OPP ATT: Hannu Patronen trur Sogndal får ein sportsleg opptur denne sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Målet mitt var ikkje å spele 1. divisjon i Norge, men.... Samstundes skjer det mykje spennande i Sogndal no. Eirik er ein spennande trenar, og eg trur vi har ein god sjanse til å kjempe i toppen og rykkje opp. Eg vil gjerne vere med på oppturen, seier Hannu Patronen.

Den finske forsvarsgeneralen kom til Sogndal i 2012. Sidan den gongen har han etablert seg som ein klippe i forsvaret - ein av dei viktigaste spelarane under Jonas Olsson.

Jobbar for å finne tilbake til seg sjølv

No går Patronen inn i sin fjerde sesong i den kvite trøya. For første gong ventar ein sesong i 1. divisjon. Sidan 2008 har han vore på høgste nivå i Norge og Sverige.

– Eg har som mål å spele på høgast mogleg nivå dei siste fem åra av karrieren min. No jobbar eg for å finne litt tilbake til meg sjølv. Eg meiner eg ikkje har prestert godt nok siste åra, seier den tidlegare Helsingborg-spelaren.

Han står bokført med to landskampar for Finland, og drøymer om å komme tilbake på eit nivå som gjer han aktuell der igjen. I vinter fekk han to kampar for det finske B-landslaget.

Hannu Patronen

KLIPPE: Hannu Patronen har sidan 2012 vore ein av dei mest trufaste og stabile spelarane i midtforsvaret til Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Lengtar etter å vinne kampar igjen

Likevel vil han vere med Sogndal vidare. For han har god tru ein sportsleg opptur under Eirik Bakke sitt regime. Dessutan trivast han framifrå i Sogn,.

– Det er ein fin stad med mykje fine folk. Så eg trivast godt med familien her, og det er noko som betyr mykje for meg, seier tobarnsfaren som nok også denne sesongen blir ein nøkkelspelar for Sogndal.

Måndag startar Bakke & co. sesongen med første heimekamp mot Bærum. Då er jakta på opprykket i gang. Frå første spark på ballen.

– Det blir godt å starte. Hausten i fjor var så dårleg, så vi er ivrige etter å vinne kampar igjen. Og eg trur det blir bra. Får vi ut i kamp det vi har fått til på trening, blir vi gode.