Hopp til innhold

–Må ha lik argumentasjon

– Argumentasjonen for val av trasé for E39 må vere lik i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det seier KrF-politikar Trude Brosvik.

Trude Brosvik og Jon Aasen

KRANGLAR OM TRASEVAL: Krf-politikar Trude Brosvik kritiserer fylkesordførar Jon aasen i Møre og Romsdal for å argumentere for dei dyraste alternativa i sitt eige heimfylket og for dei billigaste i Sogn og Fjordane

Foto: FOTOMONTASJE: Erlend Blaalid Oldeide/ Trond Vestre / NRK

– Eg blir rimeleg provosert av at dei legg opp til ein argumentasjon sør for Møre-grense. Der skal ein velje billigast, og så nord for fylkesgrensa skal ein velje den dyraste løysinga fordi at det skal gi ringverknader i samfunnet, seier Brosvik

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal tilrår ei bygging av indre alternativ i Sogn og Fjordane fordi det er billigast. Men i heimfylket sitt jobbar han for eit alternativ som er ni milliardar kroner dyrare enn det billigaste.

Har sett på 40 og 75 år

Vegen gjennom Stryn med den ferdigbygde Kvivsvegen, vil koste om lag åtte milliardar kroner frå Skei til Ørstafjorden. Til samanlikning vil midtre linje med bru Anda–Lote og bru over Austefjorden i Volda koste 12 milliardar. Den midtre linja med bru nærare Folkestad, kjem på totalt 14 milliardar kroner.

Forskjellen mellom sistnemnde alternativ og indre linje blir dermed på seks milliardar kroner. Vegvesenet har også rekna på samfunnsnytten. For Skei – Volda kjem indre linje best ut i eit 40-års perspektiv. I eit 75-årsperspektiv er det midtre med bru aust for Folkestad som kjem best ut.

(Saka held fram under kartet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIVA: Det er stor usemje om framtidig E39 skal gå via indre eller midtre trasé i Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal meiner eit traséval for E39 gjennom Nordfjord via Stryn er styrkt etter desse tala. Han seier skilnaden er større enn venta.

– Eg visste skilnaden var stor, men seks milliardar var meir enn det eg hadde trudd, seier Aasen til NRK.

Slik argumentasjon held ikkje, meiner Brosvik

–Og eg trur at vi har ei så klok regjering og samferdsleminister at han ikkje aksepterer ein argumentasjon i Møre og Romsdal og ein annan argumentasjon i Sogn og Fjordane. Det forventar eg.

– Dessutan, når ein legg til fleire år framover så kjem midtre best ut, seier Brosvik