NRK Meny
Normal

«Må bli flinkare til å passe på kvarandre»

Fylkesleiar i Bondelaget, Anders Felde, vil at folk skal bli flinkare til å ta kontakt dersom dei ser at ein bonde ikkje har det bra.

Anders Felde på veg ut av traktoren

DYREVELFERD: Anders Felde er fylkesleiar i Bondelaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ein bonde i Ytre Fjaler er mistenkt for grov vanskjøtsel av mellom 50 og 60 oksar etter at Mattilsynet hadde tilsyn på garden.

–Det er aldri kjekt å høyre om slike saker. I landbruket har både organisasjonane, samvirka og det offentlege jobba for å lage varslingssystem og rutinar som gjer at vi oppdagar slike ting før det kjem for langt, seier Felde.

Saka i Fjaler er den andre saka i Norge om vanskjøtsel av dyr på kort tid. Sundag skreiv fleire medium om ein grisebonde i Rogaland som var komen i søkelyset til mattilsynet fordi han ikkje hadde gitt dyra sine nok vatn.

– Det er nok litt tilfeldig. Dersom vi ser på dyrevelferd og måten vi steller dyr på i Norge så er ikkje dette eit stort problem, men det er alvorleg når det først oppstår. Difor jobbar vi aktivt med å prøve å vere til stades før det utviklar seg til dyretragediar, seier Felde.

Sjå til naboen

Bondelaget er smerteleg klar over at det kan vere ei utfordring å avdekke vanskjøtsel tidsnok. Det er ikkje alle bønder som får mjølkebilen på tunet kvar veke, eller der det er naturleg at veterinær kjem på besøk ofte.

– Frå Mattilsynet har ein lagt opp til hyppigare besøk enn før, men det er likevel langt mellom besøka. Når det heller ikkje er naturleg at mjølkebil, eller veterinær kjem på besøk jamleg er det ei utfordring, seier Felde.

I Bondelaget har dei difor lenge jobba med på oppfordre til nabovarsling i eit positivt perspektiv. At naboar skal vere flinke til å ta kontakt med bonden det gjeld, dersom ein ser teikn på at ikkje alt er som det skal vere.

– Det kan til dømes vere at ein ser at det ikkje minkar på rundballane, då kan ein ta kontakt. Det er det vi har jobba med så langt og så får vi sjå om vi skal vere endå meir aktive for å finne tiltak som gjer at vi unngår slike ting i framtida for dette er ikkje bra for dyra, bonden eller norsk landbruk, seier Felde.

Dyretragedie i Fjaler

AVDEKKA VANSKJØTSEL: Det var Mattilsynet som oppdaga dyretragedien i Fjaler i samband med ein rutineinspeksjon

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Færre gardsbruk

Dei seinare åra har mange gardsbruk blitt lagt ned, og det vert lenger mellom dei aktive bøndene. Felde seier risikoen for at slike ting kan skje blir større når det blir færre aktive gardar rundt om.

– Det er og færre folk på kvar gard og på somme gardar er ein heilt åleine og då kan til dømes depresjonar føre til at ein ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv og då sjølvsagt heller ikkje stand til å ta vare på dyra. Vi må berre håpe og tru at vi kan få sett i gang tiltak som gjer at vi passar betre på kvarandre som yrkesbrør framover. Det er det viktigaste av alt, og då vil ein også vere i stand til å ta vare på dyra, seier Felde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.