NRK Meny
Normal

"Løpegut" tilstod i dopingsak

Då sunnfjordingen i 20-åra møtte i tingretten måndag, erkjende han straffskuld i 18 av 19 punkt i tiltalen mot han.

Rettssaka er berre ei av kring 200 straffesaker som dukka opp i kjølvatnet av opprullinga av det store narkotika- og dopingnettverket i Sunnfjord .

Politiet fann narkotika verd 55 millionar kroner, anabole steroide for ein til tre millionar kroner i saka der 63 personar frå heile landet vart pågripne. Det vart også beslaglagt våpen.

- Er ikkje haldbart

Sunnfjordingen skal ha fungert som ein løpegut for hovudmannen. Det er ikkje ulovleg å ha doping til eige bruk, men det er ulovleg å omsette. Politiet meiner, og mannen erkjende i dag, å ha sendt 18 pakkar med minimum 600 000 milligram dopingmiddel tilsaman, på vegne av hovudmannen. Mannen fekk betaling for kvar pakke, og også betalt for køyreturar.

- Eg er lei meg for det som har skjedd. Det er ikkje haldbart. Eg var klar over innhaldet, men ikkje klar over mengda og alvoret av det dei inneheldt, sa han då saka starta i Fjordane tingrett måndag.

Posta ut pakker

Forklaringa stemmer overeins med det politiet trur. At mange av dei som medverka ikkje var klar over alvoret og at fleire medverka med "venetenester" . Politiet meiner passordbeskytta webforum var ein sentral omsetnadskanal. Ein sunnfjording i midten av 20-åra er utpeikt som hovudmann.

- Korleis han har ført inn dopingen, veit eg ikkje. Eg har ikkje hatt noko finger med på det. Eg sette ikkje opp avtalar for han, men fekk posta ut pakker. Eg har ikkje site på nettet og det der. Det har eg ikkje interesse for, sa sunnfjordingen, som tidlegare er dømd for narkotikalovbrot.

- Visste ikkje kva skala

- Eg visste at han dreiv med noko, men ikkje kva skala. Det kjem vel kanskje fram i hans sak, sa mannnen. Heime hjå sunnfjordingen vart det funne kring 15 000 milligram doping. Saman med ein kamerat erkjende han å ha kjøpt kring 30 000 milligram doping. Aktor Ronny Iden viste til ein høgsterettsdom som omtala 4 000 milligram som grense for eige bruk.

- Er det over 4 000 milligram, så er det ikkje lenger til eige bruk, sa Iden. Tiltalte hevda han sjølv kunne ha eit forbruk på opp mot 30 000 milligram.

Kjøp, bruk og sal

Mannen er også tiltalt for kjøp, bruk, oppbevaring og sal av narkotika. Ved eitt høve køyrde dei til Sogndal for å kjøpe kokain. Denne skulle vere til eige bruk og vart gøymd i terrenget utanfor Førde sentrum.

Det er sett av tre dagar til saka. Etter planen skal saka avsluttast onsdag. Aktoratet hadde 15 namn på vitnelista, men ettersom sunnfjordingen no har erkjend dei aller fleste tiltalepunkta, er det usikkert om alle må vitne.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.