Hopp til innhold

"Løpegut" fekk skjerpa straff

Sunnfjordingen var "løpegut" i den store dop- og narkotisaka. No er han dømd til fengsel i eitt år og fire månadar.

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Til frådrag kjem 12 dagar varetektsfengsling. Mannen erkjende alle tiltalepunkta, så nær som eitt tilfelle av truslar , då saka var oppe i Fjordane tingrett.

  • Politiet fann narkotika verd 55 millionar kroner, anabole steroide for ein til tre millionar kroner i saka der 63 personar frå heile landet vart pågripne. Det vart også beslaglagt våpen.

Sende postpakkar

Sunnfjordingen skal ved fleire høve ha sendt postpakkar for hovudmannen i saka. Hovudmannen, også han ein sunnfjording i 20-åra, vart nyleg dømd til fengsel i 4 år og seks månadar i Bergen tingrett .

LES ALT: OM DEN STORE DOP- OG NARKOTIKASAKA

"Løpeguten" vart dømd for å ha sendt 18 pakkar med til saman nær 650 000 milligram dopingmiddel. Dette fekk han betalt for. Han fekk også betalt for å køyre hovudmannen til Oslo for å hente ytterlegare 500 000 milligram dopingmiddel.

- For mild straff

Mannen stod i tillegg tiltalt for to tilfelle av valdsbruk, truslar og medvirking til sal. Aktor trekte dei to siste postane då saka var oppe i Fjordane tingrett.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel i eitt år og ein månad. I tillegg til inndraging av 12 000 kroner. Men retten meinte fengselsstraffa var for mild sett i lys av alvorsgraden og det faktum at sunnfjordingen tidlegare er straffedømd fire gonger.