Hopp til innhold

"Løpegut" dømd i dopingsak

Ein sunnfjording i 30-åra er dømd etter å ha importert, vidareformidla og seld dop.

Rettssaka er berre ei av mange straffesaker som dukka opp i kjølvatnet av opprullinga av det store narkotika- og dopingnettverket i Sunnfjord .

Politiet fann narkotika verd 55 millionar kroner og anabole steroide for ein til tre millionar kroner i saka der 63 personar frå heile landet vart pågripne.

Oppbevarte 2000 tablettar

Sunnfjordingen innrømma å ha importert 1000 anabole steroid-tablettar frå Thailand. Han oppbevarte også over 2000 ulovlege tablettar heime i tillegg til at han vidareformidla og selde dop.

Retten meiner at sikta var ein av mange medhjelparar og seljarar i dopomsetnaden på Vestlandet og at ein følbar reaksjon er viktig for å hindre nyrekruttering.

Retten legg også vekt på at tiltalte hadde god kontakt med ungdoms- og treningsmiljø som kan vere godt eigna for omsetnad av dop.

Fengsel på vilkår og bot

Fjordane tingrett dømde han til fem månader fengsel på vilkår. Han må også betale ei bot på 10 000 kroner og det vert inndrege 4050 kroner.

Den tidlegare ustraffa mannen fekk 15 prosent strafferabatt fordi han tilstod det han var tiltalt for.