Hopp til innhold

«Kven hadde trudd at kommunepolitikken skulle vere meir ròten enn House of Cards»

Alice Beate Holm (20) frå Bremanger fekk i dag eit tøft møte med maktspelet i politikken då ordførarkandidaten frå partiet hennar heilt uventa vart dumpa.

Alise Beate Holm

SJOKKA: For Alice Beate Holm vart hennar første kommunestyremøte ei sjokkarta oppleving.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

I dag vart det nemleg klart at Espen Sortevik frå Arbeidarpartiet, som trudde han hadde ordførarvervet i Bremanger i lomma, mista posisjonen til Audun Åge Røys frå Høgre. Etterpå hagla gjensidige skuldingar om avtalebrot.

– Vi har spelt med opne kort og vore naive nok til å tru at SV og Høgre ville gjere det same. Det kom som eit sjokk i dag tidleg då vi såg at avtalen ikkje gjaldt lenger, seier Holm til NRK.

Heilt sjokkert, forbanna og forvirra etter det første komustyremøtet mitt. Kven hadde trudd at kommunepolitikken skulle vere meir ròten enn House of Cards

Alice Beate Holm (20) på Facebook

Som heilt fersk kommunestyrerepresentant innrømmer ho at mange tankar gjekk gjennom hovudet då snuoperasjonen var eit faktum

– Først får du lyst til å spele enno meir ròte, men det kan du ikkje gjere. Vi har fått tillit av veljarane og må representere folket på best mogleg måte. Vi har blitt valde inn på eit program og det må vi jobbe for å få gjennom, seier ho.

Den første reaksjonen var at ho ville trekke seg, men ho bestemte seg fort for å stå på vidare.

– Eg har alltid hatt lyst til å drive med politikk og no har eg fått sjansen. Så eg skal utnytte den til å lære mest mogleg og drive god politikk for kommunen vår uansett korleis styret måtte sjå ut.