Hopp til innhold

«Kringom» kåra til beste bedriftsnamn

I ein månad har Språkrådet jakta etter det beste bedriftsnamnet i landet. Kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane stakk av med sigeren.

Kringom

PRIS: PRIS: Kringom stakk av med Gulldiplomen for det beste bedriftsnamnet i landet i 2016.

Foto: Illustrasjon: A til Å Grafisk Design og Media

– Dette var ein kjempenyheit, vi er både glade og stolte. Det er stor stas å få anerkjenning og stadfesting på at det namnet vi valde får slik heider. Det er eit namn som vi synest skildrar det vi driv med, seier Dina Lefdal, direktør for samferdsle i Sogn og Fjordane.

Dina Lefdal

STOLT: Dina Lefdal, direktør for samferdsle i Sogn og Fjordane Fylkeskommune er glad for anerkjenninga dei har fått.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er Språkrådet og Nitimen som i fellesskap har leita med lykt og lupe etter dei beste bedriftsnamna, og i hard konkurranse med 380 andre var det Kringom som stakk av med gulldiplomen. I tillegg er det kåra fem regionale vinnarar (sjå faktaboks).

- Eit perfekt namn

– Juryen hadde ein tøff jobb. Det var 382 veldig gode kandidatar i mange bransjar. Vi har sett etter eit godt norsk namn, som samstundes fortel kva ein driv med og som alle kan forstå, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, før kunngjeringa.

Åse Wetås

PERFEKT: – Kringom tek opp i seg alt vi ser etter i eit godt namn, meiner språkdirektør Åse Wetås.

Foto: Svein Arne Orvik / NPK

Kringom hadde mellom anna konkurranse av verksemder som "Grav og spreng", betongfirmaet "Tunge ting", "Treng du dreng" og taktekkarfirmaet "Tak og pris".

- Vi synest Kringom er eit utruleg fint namn. Det er god norsk, presist og dekkande for kva dei held på med. Og så er det modig å velje ein preposisjon som namn. Det fungerer på både bokmål og nynorsk, så det er nærast perfekt etter alle kriterium, seier Wetås.

Kringombuss i Høyanger

VINNARNAMN PÅ BUSSANE: Bussane som er i fylkeskommunal teneste køyrer no rundt med logoen som er kåra til landets beste bedriftsnamn.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune